You Can See Everything – engasjerande frå start til slutt
Når ein tre timar lang dokumentar blir årets store filmsnakkis, veit du at det er noko spesielt på ferde. «You Can See Everything» er verdt merksemda.
«Radical transparency».
Det er orda hotellarving og gründer Billy Evans brukar om valet om å sleppe eit dokumentarteam inn i heimen han leiger saman med kona Elizabeth Holmes og dei to barna deira.
På 2010-talet var trua stor på at ho skulle verte den nye Steve Jobs. Saman med forretningspartnaren Ramesh «Sunny» Balwani dreiv ho Theranos, eit selskap som hevda at dei hadde funne opp ein maskin som kunne gje helsesvar på fleire ulike ting med berre eit par dropar blod.
«You Can See Everything»
- Premiere: 20.11.2026
- Sjanger: Dokumentar
- Regi: Nathan Fielder, Lance Oppenheim
- Nasjonalitet: USA
-
Aldersgrense : Tillatt for alle
- Språk: Engelsk
Bevisa uteblei, og Elizabeth Holmes vart dømt til meir enn elleve i fengsel for bedrageri.
I «You Can See Everything» møter me ho månaden før ho skal inn der.
Ambivalente roller
Småbarnsmora Elizabeth Holmes minner lite om det glamorøse biletet av dronninga av Silicon Valley, som ho ein gong vart seld inn som, men betyr det at ho er meir ekte?
Utforskinga av dette spørsmålet om autentisitet er kjernen av forteljinga her, fortalt med eit auge for både det ubehagelege og usikre, men også det mellommenneskelege.

KVARDAG: Er nærleik og autentisitet så samanknytt som ein skulle tru? Foto: SF Norge
Mykje av det kjem av nærværet til medregissør Nathan Fielder. Til å begynne med er han intervjuar, og publikum sin inngang til Holmes og familien. Etter kvart som filmen snirklar seg inn i uventa banar, blir det likevel vanskeleg å seie om ikkje Fielder også er blitt eit subjekt i sin eigen dokumentar.
Fielder sitt arbeid er generelt kjent for korleis han leikar med verkelegheita og ekte folk, samtidig som det er vanskeleg å slå fast kor mykje av han sjølv som finst i rolla han spelar.
Nettopp det gjer han til ein interessant sparringpartnar for Holmes. Mange har stempla ho som ein lystløgnar, medan ho sjølv held fast på at ho aldri gjorde noko gale. Det er noko som skurrar mellom dei to, og det forholdet som oppstår der er vanskeleg å få grep om.
Fielder er ansiktet til filmen, men medregissør Lance Oppenheim er tydeleg til stades i presentasjonen. Eg har stadig «Primetime» friskt i minne, og det er lett å kjenne igjen mykje av det same visuelle DNA-et. Ubehaget heng i lufta av rom som er for store og små på same tid, og i den klaustrofobiske nærleiken mellom folk.
Den stemninga passar godt med kor utruleg sære nokre av desse augeblikka er. Både Holmes og mannen er absurde skikkelsar, og det ligg ein slags skrekkblanda fryd i å vente på det neste dei har å seie.
«You Can See Everything» forstår kva sjåaren vil ha frå ein dokumentar som dette, og brukar det til å meisterleg dra ein lenger og lenger ned i ein film som ikkje nødvendigvis er det han ser ut til å vere.
Lag på lag
Det er ein kynikar i meg som aldri blei så overraska som det eg ser at andre har blitt av dei ulike momenta i «You Can See Everything», men det gjer det ikkje mindre fascinerande: Dette er ein film som varar i nesten tre timar, og likevel er han engasjerande frå start til slutt.
Gå inn med så lite kunnskap som mogleg, og la det skylje over deg.
«You Can See Everything» er ein croissantfilm: Lag på lag bretta over kvarandre, bakt saman til det å skilje dei ikkje lenger er mogleg. Han skapar fleire spørsmål enn han kan svare på.
Likevel er det i dette uklare at «You Can See Everything» blir noko anna enn ein dokumentar om Elizabeth Holmes. Tilgangen Fielder og Oppenheim fekk til ho og familien er kanskje ny, men rettssaka er forbi, og tallause ekspertar har gitt sine meiningar om kven ho er og kva Theranos var.

TEKNOLOGI: Holmes held fast på at teknologien hennar fungerer, og identiteten som oppfinnar er viktig for ho. Foto: SF Norge
Det som gjenstår, er ein refleksjon om sanning og skodespel, roller og tolkingar, men også forholdet mellom filmskapar og publikum.
«You Can See Everything» handlar like mykje om seg sjølv og dokumentarsjangeren som han gjer om Holmes.
Meisterstykket er at det fungerer så godt som det gjer.
Terningkast: 6






