Noreg kåra til fossilversting på klimatoppmøtet
Noreg fekk onsdag prisen som dagens fossilversting under klimatoppmøtet i Antalya i Tyrkia.
«Fossil of the Day» er ein dagleg pris som blir delt ut av Climate Action Network (CAN) under klimatoppmøtet.
Prisen går til land som ifølgje CAN bremsar framgangen i klimaforhandlingane ved «å gjera mest for å oppnå minst» og «å gjera sitt beste for å vera verst».
– Noreg har perfeksjonert ein ny modell for klimaleiing: elbilar heime, olje og gass til resten av verda. Eksporter fossile brensel, stikk profitten i lomma og tilby utviklingsland eit kurs om rettferdig omstilling, heiter det i Cans grunngiving.
Det er ikkje den første flausen for Noreg under klimatoppmøtet, ifølgje Greenpeace.
– I går vart Noreg plassert i verdstoppen av land som eksporterer klimakrise, på fredag vart regjeringa felt for grønvasking av oljeindustrien, og i dag vinn vi prisen for fossilversting på COP. Dette er flautt, seier fagrådgivar Elise Åsnes i Greenpeace til NTB.
– Noreg mistar alt truverd når vi krev at resten av verda skal fasa ut olje og gass samtidig som vi nektar å starta denne livsnødvendige omstillinga sjølve, meiner ho.
– Det er inga overrasking at Noreg no blir hengt ut som fossilversting. No må vi bli med og snu skuta, seier Åsnes.







