Einar (17) er verdas første med flylappen for elfly

Einar (17) har ikkje lov til å køyre bil. Elfly, derimot.

NPK-NTB
Publisert

Einar Rydland Auestad frå Fitjar i Vestland er den første i flyhistoria som tek flysertifikat berre med elfly.

Det opplyser Norges luftsportforbund i ei pressemelding og viser til at Auestad har gjennomført utdanningsprogrammet på elektrisk fly. 17-åringen bestod oppflyging 12. november.

Han har ikkje lov til å køyre bil enno, men har flysertifikat (LAPL-A).

Auestad seier at han heile livet har hatt lyst til å bli pilot.

– Eg er oppvaksen under innflyginga til Stord lufthamn, og mamma har sagt at heilt sidan eg låg i barnevogna, så vart eg heilt rastlaus og glad av å sjå flya over meg, seier Auestad.

– Det er ein fantastisk prestasjon og eit skikkeleg bra prosjekt der vestlandske eldsjeler har teke luftfarten eit lite steg vidare inn i framtida, seier Odin Sætre, instruktør og skulesjef i Bergen Aero Klubb, der Auestad har trena.

Den ferske piloten brukte ein Pipistrel Velis Electro med registrering LN-ELB frå Norges luftsportforbund. Dette er verdas første typesertifiserte elektriske fly, med ein kapasitet på rundt ein time flytid.

Foto: Sindre Skrede / Norges Luftsportforbund / Handout / NTB