Nye snuskrav: – Snus er helseskadeleg
Medan teksten på snusboksane før åtvara om at snus «kan vere» skadeleg, slår dei no fast at det «er helseskadeleg». Nye EU-reglar er årsaka.
«Denne tobakksvara kan vere helseskadeleg og avhengigheitsskapande», har det stått på norske snusboksar i ei årrekke.
No blir likevel nye boksar rulla ut der det blir slått fast at snusen er helseskadeleg.
«Denne tobakksvara er helseskadeleg og avhengigheitsskapande», lyder den nye åtvaringa.
NTB har spurt Helsedirektoratet og Helsedepartementet om grunnlaget for endringane.
– Endringane er ein del av Noregs tilpassing til EUs tobakksdirektiv og gjeld alle, svarer avdelingsdirektør Erlend Bø i Helsedirektoratet i ein e-post.
Graviditetsåtvaring
Han viser til retningslinjene for dei nye åtvaringane. Der er det også lista opp ei alternativ åtvaring for snus.
«Denne tobakksvara aukar risikoen for fosterskader og død fødsel», heiter det i den andre åtvaringa.
Snusboksane må merkjast med éi av dei to åtvaringane. Med dei nye reglane må det også vere åtvaringar på begge sider av boksen.
Sjølv om snusåtvaringa no er tydelegare, er åtvaringane for røyketobakk framleis vesentleg meir alvorsprega.
«Røyking dreper – slutt nå» og «Tobakksrøyk inneheld over 70 kreftframkallande stoff» er dei to åtvaringane produsentane kan variere mellom.
I tillegg må røykepakkane påførast bilete med åtvaringar.
Tobakksdirektiv
Helsedirektoratet opplyser at den nye åtvaringa på snusboksane følgjer av artikkel 12 i tobakksdirektivet, som er innlemma i EØS-avtalen og no blir rulla ut i Noreg.
«This tobacco product damages your health and is addictive», er originalteksten, som direktoratet har omsett til norsk, opplyser dei.
På spørsmål om kva som er årsaka til at norske styresmakter før meinte det var tilstrekkeleg med ein «kan vere»-åtvaring, medan det no blir skjerpa til «er», viser direktoratet til Helsedepartementet.
Pressevakta der svarer følgjande:
– Helseåtvaringane på tobakksprodukt følgjer EUs tobakksdirektiv, som Stortinget har vedteke. Det er EU som bestemmer ordlyden basert på oppdatert kunnskap om helserisiko ved snusbruk.
Må endre namn
Tobakksdirektivet har også fleire andre føresegner med seg. Mellom anna må fleire snusmerke endre namn.
Ord som mint, strawberry, melon, fresh, ice eller jalapeno på snusboksane hamnar på forbodslista, har Nettavisa tidlegare skrive. Dei må ha meir nøytrale namn utan smaksassosiasjonar.
Fleire av snusprodusentane har allereie rulla ut dei nye namna. Det må vere på plass for alle variantar innan 11. mars neste år.
Dei nye EU-reglane fører også til nye åtvaringsbilete på sigarettpakkane, og til at mentol- og klikksigarettar blir forbodne, slik det allereie er i dei fleste EU-land.
Kreftfare og hjartefare
Helsedirektoratet har gjort greie for helserisikoen ved snusbruk på Helsenoreg.
Der slår det mellom anna fast at snus er farleg under graviditet og kan påverke utviklinga av hjernen for barn og ungdom.
Vidare viser dei til at snus inneheld kreftframkallande stoff, og at det ifølgje Folkehelseinstituttet aukar risikoen for kreft i matrøyr og bukspyttkjertel.
– Det er dessutan mogleg at bruk av snus aukar dødelegheita etter ein kreftdiagnose. Det er framleis behov for meir forsking på samanhengen mellom snus og andre kreftformer, skriv Helsedirektoratet.
Snus aukar også blodtrykket og kan auke risikoen for å døy om du får eit hjarteinfarkt eller hjerneslag.
Vidare aukar høgt forbruk av snus risikoen for diabetes og kan skade tannkjøttet.




