COP31:

Skuffa over manglande norske planar for å fase ut olje og gass

Klima- og miljøministeren meiner Noreg allereie har nokre av dei mest ambisiøse måla i verda.

Åshild Slåen
Publisert

– Det viktigaste som har skjedd på COP31 i våre auge er at Brasil og Finland har lansert vegkart for utfasing av fossil energi.

Det skriv ungdomsdelegatane Emilie Mysen Moe (26) og Ida Reffhaug (26), som er ein del av Noreg si utsending til FN sitt klimatoppmøte (COP31). I år føregår møtet i Antalya i Tyrkia, og dei to har hektiske dagar på arrangementet som no er inne i si andre veke.

Vegkarta til landa er planar for korleis dei skal slutte å bruke fossile brensel som olje, gass og kol.

Moe og Reffhaug meiner at det er eit stort momentum rundt fossil energi i år, og difor har dei merka seg vegkarta til Brasil og Finland.

– At viktige land kjem med konkret handling, betyr mykje for det fokuset, skriv dei.

Noreg utan vegkart

Noreg er eitt av landa som ikkje har kome med eit slikt vegkart, noko delegatane er skuffa over.

– For vår del skulle Noreg gjerne strekt seg endå lenger. Vi treng eit høgt ambisjonsnivå dersom vi skal løyse klimakrisa i fellesskap.

Klima- og miljøminister Sigrun Aasland meiner Noreg har nokre av dei mest ambisiøse klimamåla i verda:

– Noreg sine klimamål byggjer på kunnskap om kva som er nødvendig både nasjonalt og globalt for å nå måla i Parisavtalen, skriv statsråden via kommunikasjonseininga til departementet.

Aasland vektlegg at Noreg støttar det internasjonale arbeidet med å fase ut fossile brensel, og at departementet ser at den norske politikken verkar.

– Dei norske utsleppa går ned, inkludert bruken av fossile brensel.

Ifølgje organisasjonen Oilchange international er det venta at Irland og Sveits skal kome med sine eigne vegkart i løpet av klimatoppmøtet.

Frå før har Frankrike, Tyskland, Nederland, Storbritannia og Nigeria varierande planar som inkluderer konkrete sluttdatoar for fossile brensel eller planar for å gå over til fornybar energi.

Noreg er på tiandeplass i verda når det kjem til eksport av CO2, ifølgje ei rangering som Carbon brief publiserte tysdag.

På toppen er land som Russland, Saudi-Arabia og Australia, men dersom ein fordeler «eksportutsleppa» på innbyggjartal, rykkar Noreg opp til ein fjerdeplass.

Skal sikre stemma til unge

Reffhaug og Moe understrekar at dei er glade for at Noreg jobbar for å fremje vitskap og klimaforsking, og at den norske delegasjonen har flinke og konstruktive forhandlarar.

– Hittil er vi fornøgde med kor integrerte vi er i delegasjonen og kor stor del vi får ta i forhandlingane.

Konkrete planar for utfasing av fossil energi er eitt av fem punkt ungdomsdelegatane har ansvar for å setje fokus på medan dei er delegatar. Dei andre fire er

  • å bevare målet om at temperaturen ikkje skal auke meir enn 1,5 grader
  • opptrapping av klimafinansiering
  • å bevare integriteten rundt vitskap og informasjon
  • at barn og unge blir inkluderte i avgjerdsprosessar

Reffhaug og Moe fortel at det framleis er mange forhandlingar som ikkje er ferdige, og at vedtaka som kjem, vil avgjere kor fornøgde dei blir med resultatet av klimatoppmøtet.

– Vi saknar meir fart i forhandlingssporet på utsleppsreduksjonar. Som unge ønsker vi nok generelt at ting skal gå fortare og vere endå meir ambisiøse.

Ida Reffhaug (t.h.) og Emilie Mysen Moe (t.v.) er spente på resultatet frå fleire forhanldingar på klimatoppmøtet i Tyrkia. | Foto: Privat

Emilie Mysen Moe synest det er eit høgdepunkt å jobbe for barn og unge, og vere med på forhandlingane innan Action for Climate Empowerment, ACE.

Ida Reffhaug set også pris på å vere ein del av COP31.

– Å samarbeide med unge frå mange forskjellige land om gode løysingar for vår felles framtid er eit stort høgdepunkt, skriv ho.