Ungdommar skal skrive bok: – Eg vil seie det som er sant

Dei unge skrivetalenta skriv om alt frå kjensler til monster. Forskar trur kreativ skriving og skriveglede er viktig for skriveferdigheitene til unge.

Mia Huse
Publisert

– Eg er her fordi eg er glad i å skrive, og eg er glad i å skrive fordi eg likar å få tankane mine ut, seier 14 år gamle Andreea Popa.

Eva Øksenvåg Fredriksen (13) stemmer i.

– Det er så gøy at ein kan lage si eiga verd. Det er ingen grenser, og ein kan skrive kva ein vil.

Andreea Popa (14) og Eva Øksenvåg Fredriksen (13) synest skriving er veldig morosamt. Foto: Mia Huse

Jentene er blant 18 deltakarar på Norsk barnebokinstitutts skrivekurs for ungdom.

Her møter dei andre ungdommar for å bli betre til å skrive kreativt og å utvikle si eiga litterære stemme, før dei saman skriv ein antologi, som kjem i laupet av 2027.

Skrivekurs for ungdom

  • Eit prosjekt i regi av Utdanningsetaten i Oslo i samarbeid med Norsk Barnebokinstitutt, som blei arrangert for fyrste gong i 2024.
  • Eit tiltak der unge mellom 13 og 16 går på skrivekurs for å bli betre i kreativ skriving.
  • Gjennom blant anna skriveøvingar, oppfølging og forfattarbesøk skal deltakarane få hjelp til å utvikle eiga skrivestemme.
  • Kurset har seks felles workshopar. I tillegg blir deltakarane følgde opp på skulen.
  • Til slutt vel deltakarane utdrag frå tekstane dei har utvikla under kurset, som blir med i ein felles antologi.
  • Prosjektgruppa lagar også ein forskingsartikkel med erfaringar frå prosjektet.
  • Deltakarane blir valde ut av lærarar. Norsk barnebokinstitutt gjer skulebesøk og rettleiar deltakarane på skulane.

Storm Even Bergerød Svendsen (14) har ikkje skrive mykje før, men han synest skrivekurset har vore gøy så langt.

Storm Even Bergerød Svendsen (14) likar å lære av dei andre deltakarane på kurset. Foto: Mia Huse

13 år gamle Aryan Khan likar at ingen kan seie at noko ein skriv er riktig eller feil når ein skriv kreativt.

– Det er di bok og di verd.

Aryan Khan (13) synest skriving er ein fin hobby som hjelper han med å setje ord på tankane sine. Foto: Mia Huse

Historier frå heimstaden

På kursa er ungdommane tett på kvarandre, og dei må jobbe med å opne opp og fortelje om seg sjølv.

Rundt eit langbord omgitt av barnebøker sit dei samla og følgjer med på Lise Forfang Grimnes, som teiknar heimstaden sin på tavla og fortel om ein gong ho var 13 og spionerte på ein gut ho svar forelska i.

Lise Forfang Grimnes er forfattar og frilansar, og held skrivekursa saman med Norsk barnebokinstitutt. Foto: Mia Huse

Ho er frilansar og barnebokforfattar, og arrangerer kurset saman med prosjektleiar Ayse Koca.

– Det tar tid og er krevjande å by på seg sjølv, seier Grimnes til Framtida etter gjennomgangen hennar for deltakarane.

Skrivekursdeltakarane får trent seg på å både fortelje og skrive historier. Foto: Mia Huse

Koca er imponert over ungdommane.

– Me jobbar med å trene skrivemuskelen. Dei finn ulike inngangar og merkar at skrivinga blir lettare.

Les dårlegare

Samanlikna med leseferdigheiter, som blir undersøkt i blant anna Pisa og nasjonale prøvar, veit ikkje forskarar så mykje om skriveferdigheitene til norske skuleelevar.

Det forklarar Kristin Torjesen Marti, som er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning ved OsloMet.

– Men lesing og skriving heng veldig tett saman, så det er grunn til å tru at tilsvarande undersøkingar i skriving ville vist det same som lesing, seier ho på telefon til Framtida.

Pisa-tala som kom i haust, viste at norske elevar les dårlegare enn før. Kvar tredje norske elev presterer under nivå 2 i lesing, som blir rekna som ei nedre grense for det elevane bør kunne for vidare utdanning og arbeidsliv.

Kristin Torjesen Marti er førsteamanuensis ved OsloMet, og forskar blant anna på skriving i grunnskulen. Foto: Sonja Balci/OsloMet

– Det er ikkje berre éi årsak. Det heng saman med store samfunnstrendar, som manglande konsentrasjon.

– Det blir også stilt høgare krav til elevane no. Det er mykje forskjellig dei skal klare å lese og skrive.

Blir meir opne

Khan set pris på moglegheita til å diskutere med andre og tvinge seg sjølv til å bli meir open.

– Eg liker aktivitetane der me fortel om oss sjølve, og eg synest det er bra å få bli kjent med andre som skriv.

– Eg har blitt betre til å skrive, og skjønner meir av skriving, seier Øksenvåg Fredriksen.

– Og så får eg mange idear som eg kan bruke i nye historier.

Andreea Popa, Eva Øksenvåg Fredriksen og Storm Even Bergerød Svendsen er usamde om dei vil bli forfattarar når dei blir vaksne. Foto: Mia Huse

Skriveglede og motivasjon

Forskar Marti trur kreativ skriving i skulen er viktig.

– Det er ein måte å få skriveglede på, som igjen er viktig for å skrive godt.

Marti nemner undersøkingar gjort i England som viser at å få velje kva ein skriv om, hjelper på skrivemotivasjonen til elevane.

– Synest du det er nok kreativ skriving i skulen?

– Typisk nok er det vanskeleg å svare på. Me veit ikkje heilt kor mykje kreativ skriving det er.

Ho seier at den kreative skrivinga ofte blir pressa av anna type skriving på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

– Men eg veit at det finst mange lærarar som jobbar godt med kreativ skriving både på barne- og ungdomsskulen.

Ho trur skrivekurset er eit godt tiltak.

– Det er viktig for motivasjonen at dei får skrive til ekte mottakarar. Dei veit at nokon faktisk skal lese tekstane deira.

Skummelt å dele

Deltakarane har spreidd seg for å gjere øvinga til Grimnes.

– Kva for vgs. vil de søke på? spør Popa.

Ho sit på eit lite grupperom med fire andre deltakarar. Dei har kvar si teikning av heimstaden sin på bordet føre seg.

Dei andre svarar at dei ikkje har peiling.

For å øve seg på å formidle historier og opne opp, har Andreea Popa og Eva Øksenvåg Fredriksen fått i oppgåve å teikne heimstaden sin og fortelje om noko som har skjedd der. Foto: Mia Huse

Oppgåva dei har fått, går ut på å teikne og fortelje ei historie om noko som har skjedd dei med utgangspunkt i teikninga.

Ungdommane synest det er gøy å fortelje, men litt skummelt å dele med folk dei ikkje kjenner så godt.

Ungdommane synest det er fint å øve seg på å opne seg for andre. Foto: Mia Huse

Fantasy, sårbarheit og teikneseriar

Ungdommane bruker seg sjølve mykje i skrivinga.

– Eg liker å skrive om det eg har gått gjennom. Eg liker at eg kan bruke meg sjølv i teksten, seier Popa.

Øksenvåg Fredriksen bruker heller skrivinga som røyndomsflukt.

– Eg likar å skrive om magiske skapningar for å kome meg litt vekk.

Men ho skriv også kortare tekstar om vanskelege kjensler.

Andreea Popa og Eva Øksenvåg Fredriksen synest noko av det beste med skrivekurset er å bli kjent med andre ungdommar som likar å skrive. Foto: Mia Huse

Bergerød Svendsen vil gjerne skrive noko morosamt, gjerne teikneseriar.

– Men til no har eg skrive mest alvorstunge tekstar, seier han.

Khan vil skrive om det folk er redde for å seie.

– Eg vil seie det som er sant, og det som skal gjere vondt, uansett kva.

Aryan Khan (13) har lyst til å skrive om ting som ingen tør å snakke om. Foto: Mia Huse

Popa synest det er kult at dei skal få tekstane sine publisert.

– Det er gøy at eg kanskje inspirerer folk. Det gir meg motivasjon.

– Når teksten din er publisert, høyrer folk på det du har å seie, seier Khan.

Ikkje opptatt av skuleflinkheit

Skrivekurs for ungdom er eit talentsatsingsprogram. Lærarar plukkar ut elevar dei synest er flinke til å skrive.

– Men me er ikkje så opptatte av skuleflinke elevar. Me er meir opptatte av dei som har potensial, seier prosjektleiar Koca.

Antologien som ungdommane lagar saman, er illustrert av masterstudentar ved Norsk barnebokinstitutt. Foto: Mia Huse

Målet med kurset er at ungdommane skal trene på å skrive «frå seg sjølv».

– Me er veldig opptatte av at dei skal skrive om det dei kjenner sjølve, sine kjensler og erfaringar.

Ayse Koca er prosjektleiar for skrivekurset og fortel at ungdommane frå fjorårets kurs gler seg masse til at antologien deira kjem ut no i vinter. Foto: Mia Huse

Ikkje forfattarspirer

Sjølv om dei trivst på kursa, er det få av ungdommane Framtida snakkar med, som vil bli forfattarar.

– Skriving er berre ein hobby. Eg vil studere økonomi og administrasjon. Eg er nemleg veldig god i matte, seier Popa.

Bergerød Svendsen synest det verkar kjipt å ha skrivinga, som no er lystprega, som jobb.

– Du må skrive sjølv om du ikkje har lyst, og då blir det meir press. Og du blir vurdert på det du skriv.

– Eg kan kanskje ha det som hobby og skrive ei bok berre for meg sjølv, seier Khan.

Andreea Popa, Eva Øksenvåg Fredriksen, Storm Even Bergerød Svendsen og Aryan Khan synest det er spennande å diskutere forfattaryrket, sjølv om dei ikkje er sikre på om dei vil bli forfattarar. Foto: Mia Huse

Øksenvåg Fredriksen er derimot veldig interessert i forfattaryrket.

– Eg har aller mest lyst til å bli skodespelar, men eg kunne tenkt meg å bli manusforfattar eller skjønnlitterær forfattar. Det er veldig gøy å skrive.

Skummelt å gå først

Etter at dei har skrive ned forteljingane dei har fortald i grupper, skal deltakarane lese høgt for alle saman.

Koca spør om nokon vil byrje.

Det blir heilt stille.

– Greitt då, eg kan byrje, ler Popa.

Andreea Popa var ei av dei få som melde seg til å lese opp forteljinga si fyrst. Foto: Mia Huse

Koca seier at mange av ungdommane synest det er skummelt å lese forteljingane sine høgt.

– Men det går seg til etter kvart, og ein del synest det er ganske gøy.