I bokhylla: Umar Ashraf kjenner seg att i Mo frå Tante Ulrikkes vei

Leiaren i Antirasistisk Senter debuterer med ungdomsbok, og etterlyser fleire karakterar med minoritetsbakgrunn i litteraturen.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg har små barn, og les mykje for dei. For min eigen del les eg to bøker i året, om eg er heldig. Det er skammeleg lite, men overskotet har gått til å skrive sjølv.

Det skriv Umar Ashraf, dagleg leiar ved Antirasistisk Senter og forfattar av ungdomsboka La meg være, på e-post til Framtida.no.

Sjølv om det ikkje har blitt så mykje lesing dei siste åra, har han store leseambisjonar og ein stor bunke med bøker som skal lesast, skriv han.

Umar Ashraf

Alder: 41
Frå: Holmlia, Oslo
Utdanning: M.Sc. i kommunikasjonsleiing, vidareutdanna innan mellom anna religion
Yrke: Dagleg leiar ved Antirasistisk Senter

Store og små bøker

Før han fekk små barn, las han gjerne på ferie.

– Dei siste åra har eg lese for å bli inspirert. Eg les nok mest i sofakroken.

Ashraf blir trekt mot bøker om historie, politikk og samfunnsspørsmål.

– Det har blitt mykje sakprosa dei siste åra, både gjennom jobben og fordi eg er glad i det dokumentariske. Eg likar bøker som gir meg ny kunnskap, utfordrar etablerte sanningar og hjelper meg å forstå verda litt betre.

På nattbordet ligg det likevel ei litt enklare bok.

– Eg søv med babyen i huset, og ho elskar Den lille larven Aldrimett.

Storesystera las

Då han sjølv var liten, hugsar han at dei hadde Disneyklubben, Disneys bokklubb for barn. Og han hugsar at han blei lesen for.

Mitt liv som Ola Noman - Noman Mubashir

Omslag: Kagge

– Eg er yngst i syskenflokken og har nokre tidlege minne av at den eldste systera mi las ein del for meg og ho i midten.

I tenåra seier han det blei altfor lite lesing.

– Men eg hugsar spesielt å ha vore 19 år, og at boka Mitt liv som Ola Noman kom ut. Noman Mubashir poserte i dobbeltutgåve på omslaget. Eg las meg gjennom heile. Det var ikkje ofte ein såg personar med minoritetsbakgrunn gi ut bok. Sånn sett har ikkje den norske bokbransjen forandra seg så mykje, skriv Ashraf.

Likar å bli overraska

Ashraf likar forfattarar som evnar å formidle det kompliserte på ein enkel måte, utan å miste nyansane.

– Aller best er det når eg blir overraska over kor historia tek meg.

Alle utlendinger har lukka gardiner

Omslag: Forlaget Oktober

Særleg godt likar han Maria Navarro Skaranger og Alle utlendinger har lukka gardiner.

– Ho er ikkje direkte undervurdert, men fortener endå større anerkjenning.

Vil fortelje sine eigne historier

Sjølv om han kan sjå opp til andre forfattarar, er det ingen bøker han skulle ønskje han hadde skrive sjølv.

– Eg fungerer ikkje heilt slik. Eg har aldri hatt noko stort ynskje om å vere nokon andre eller ha skrive det andre har skrive. Eg kan beundre ei bok, bli inspirert og til og med misunneleg på kor godt noko er formulert, men eg vil heller finne mi eiga røyst og fortelje mine eigne historier.

Ein trist raud tråd

Av litterære karakterar kjenner Ashraf seg mest igjen i Mo frå boka Tante Ulrikkes vei.

– Ei viktig og banebrytande bok, sjølvsagt. Men det er jo trist det svaret her, for kor mange karakterar har vi gjennom norsk litteratur som personar med minoritetsbakgrunn kan spegle seg i?

Noko liknande blir tydeleg når Ashraf skal sjå for seg ei hovudrolle til den nye boka hans, La meg være.

– Shit, vi har altfor få kjende, unge skodespelarar med minoritetsbakgrunn i Noreg som kunne spelt Sami! Ser du den raude tråden i svara mine?

Hadde prata seg vondt i hovudet

Om Ashraf berre kunne lese ein forfattar resten av livet, ville han lese den palestinsk-amerikanske historikaren Edward Said, mannen bak omgrepet «orientalisme».

– Vi treng stadig å minne oss sjølv på det han skreiv om makt, identitet og korleis vi framstiller andre menneske. Innsiktene hans er kanskje endå viktigare i vår samtid.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Lege og forfattar Mina Adampour, for ho snakkar meir enn meg, og skravla hadde gått til ein av oss hadde fått vondt i hovudet.