Blir «Maasverse» for mykje? Her får du romantasy som ikkje er ein del av ein lang serie!
Romantasy-serien ACOTAR kan vere ein overveldande bokserie å gi seg ut på. Då kan dette vere ein god stad å begynne.
Sarah J. Maas er dronninga av sjangeren romantasy, og nyleg kom hennar nyaste bok i serien «A Court of Thorns and Roses» (ACOTAR). Men med seks bøker i hovudserien, og to tilknytte seriar ein bør lese for å få fullt utbytte av bøkene som kjem, blir det fort mykje å bite over.
Uansett om ACOTAR er for mykje å begynne på, eller du berre treng ein bok å kople ut med, får du her fem romantasy-bøker som ikkje er ein del av ein lang serie.
Kva er romantasy?
Romantasy er ei samanslåing av sjangrane romance og fantasy. Bøkene har ofte eit større fokus på kjærleik og forhold enn annan fantasy, men inneheld gjerne magi og overnaturlege vesen.
PS. Vi har gitt chiliar ut ifrå kor🌶️ spicy🌶️ bøkene blir.
The House in the Cerulean Sea, T.J. Klune (Ingen spice, rørande romanse mellom to menn)

Bokomslag: Tor forlag
Denne boka er YA (young adult), men om du er eldre er den òg fin om du vil ha ei hjartevarm forteljing heller enn mørk romantasy. Boka handlar om ein grå byråkrat, som oppdagar nye sider av seg sjølv når han besøker ein heilt spesiell barneheim.
Denne boka gjer det lett å vere lettrørt.
One Dark Window, Rachel Gillig 🌶️

Bokomslag: Orbit forlag
Ei magisk forteljing med ein dæsj av romanse. Elspeth er forbanna med magiske krefter ho må halde skjult, for magien i landet er strengt kontrollert. I ei fiendar-til-elskarar-forteljing må ho samarbeide med ein landevegsrøvar for å redde riket.
Om du likar unike magisystem er dette boka for deg, så fremt det er greitt at kjærleiken spelar andrefiolin. Dette er den fyrste av to bøker.
Uprooted, Naomi Novik 🌶️🌶️

Bokomslag: Tor forlag
Ei mørk forteljing inspirert av polsk folketru, med magi, skumle menn og mørke skogar. Ein farleg trollmann tek ei jente frå landsbyen kvart tiande år, og snart er det Agnieszka sin tur.
Dette er ikkje boka for deg som vil lese om kjærleik ved fyrste blikk, men om du likar saktegåande romansar kan Novik vere ein god forfattar å begynne med.
Ei koseleg bok om hekseri og trolldom. Hovudpersonen Mika har halde magien sin hemmeleg, før ho flyttar inn med tre andre hekser i Ingenstads-huset. Der bur det og ein mystisk bibliotekar.
Her er det humor og leiken romanse som gradvis bygger seg opp, definitivt ei god bok å lese med pledd.
Six Scorched Roses, Carissa Broadbent🌶️🌶️🌶️

Bokomslag: Tor Bramble forlag
Ei relativt kort bok, som står på eigne bein i eit større litterært univers. Om Lilith, som gjer ein avtale med ein vampyr for å redde dei ho er glad i. Det får sjølvsagt steamy konsekvensar.
Denne er perfekt for deg som allereie er inne i romantasy, og berre vil ha ein pust i bakken frå dei store seriane.
Bonusbok:
Fourth Wing 🌶️🌶️🌶️

Bokomslag: Piatkus forlag
Okey, så er dette ein bokserie, men så mange bøker er det ikkje (enda). Og korleis ein ha ein romantasy-liste og ikkje nemne Fourth Wing? Violet Sorrengail skulle aldri bli dragetrenar, men når mora di er drageakademiets general er det lite du kan gjere. Likar du drakar, kvinnelege hovudpersonar og fiendar til elskarar-historier? Då er dette boka for deg.







