Norgesdemokratene svarte Jakob (14) med «flybillett» ut av Noreg
Fjorten år gamle Jakob Sadeghi kommenterte på eitt av innlegga til Norgesdemokratene på Facebook. Til svar fekk han ein flybillett med beskjed om å forlate landet.
– Det var rystande, seier Jakob Sadeghi (14) på telefon til Framtida.no.
Ungdomspolitikaren frå Raud Ungdom fekk det han opplever som eit rasistisk svar då han kommenterte på eitt av partiet Norgesdemokratene sine Facebook-innlegg.
Innlegget handla om at Norgesdemokratene meiner integreringa i Noreg har feila, og var illustrert med eit KI-generert bilete av to kvinner med nikab.
Norgesdemokratene
- Eit politisk parti som blei stifta i 2002.
- Partiet er langt ute på høgresida i norsk politikk.
- Slagordet er «Norge først», og mykje av politikken handlar om «vern av norsk kultur».
- Ønsker innvandringsstopp, og er spesielt kritiske til innvandrarar frå muslimske land.
- Tilrår remigrasjon (tvungen retur) av kriminelle og «ikkje-integrerte» innvandrarar.
- Er sterkt imot EU, EØS, Schengen, FN og andre transnasjonale samarbeid.
- Vil trekke Noreg ut av Parisavtalen og trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar.
- Hadde liste i alle valdistrikta ved stortingsvalet i 2025, og fekk då om lag 23 000 røyster (om lag 0,7 prosent av røystene).
Kjelde: Store norske leksikon og Norgesdemokratene
Svarkommentaren, som inneheldt teksten «vår gåve til deg» og eit bilete av ein flybillett med passasjernamnet «velferdsimmigrant», blei skriven av partiets offisielle Facebook-konto, som også la ut innlegget.

14-åringen fekk ein flybillett som svar på eit Norgesdemokratene-innlegg om integrering. Destinasjonen er «safe country of origin». Foto: Skjermbilete frå Norgesdemokratenes Facebook-profil 7. november 2026.
– Eg forventa ikkje at godt vaksne kom til å sende ein slik kommentar til ein mindreårig.
Sadeghi trur han fekk kommentaren fordi dei såg på profilen hans at han ikkje er etnisk norsk.
– Det var jo skummelt. Det er godt vaksne menneske med makt. Eg var redd for kva dei kom til å gjere.
Han synest hendinga var sårande, og er sjokkert over at dei sende kommentaren.
– Eg blei rysta. Eg er jo eit barn, trass alt.

Ungdomspolitikaren Jakob Sadeghi (14) fekk det han opplever som eit rasistisk svar på kommentaren sin under Norgesdemokratene-innlegget. Foto: Skjermbilete frå Norgesdemokratenes Facebook 7. november 2026
Vern mot diskriminering gjeld også i debatt
– Som ombod er me opptatt av at folk skal kunne snakke saman og vere ueinige utan at kjenneteikn ved ein person blir gjenstand mot nedsettande ytringar, skriv Natasha Telson på e-post til Framtida.no.
Ho er seniorrådgivar i Likestillings- og diskrimineringsombodet.
– Me forstår godt at Jakob reagerer på det han blei tilsendt. Me reagerer også på dette.

Sjølv aktive debattantar som Jakob Sadeghi treng lunsj. Her på Ungommens bystyremøte i oktober. Foto: Mia Huse
Ombodet meiner at ytringa kan vere brot på likestillings- og diskrimineringslova og forbodet mot hatefulle ytringar i straffelova.
– Vernet mot trakassering og hatefulle ytringar gjeld like fullt i ein kontekst der det er oppheta diskusjon mellom to partar.
Telson skriv at lova vernar særskilt mot nedsettande ytringar på bakgrunn av blant anna etnisitet.
Høgsterett har slått fast at også personar som sjølv kjem med provoserande fråsegner, er beskytta mot diskriminerande og hatefulle ytringar, legg ho til.
– Kritikk gir uansett ikkje andre rett til å svare rasistisk.
– Å svare på kritikk ved å anta at nokon ikkje høyrer heime i Noreg på grunn av sin bakgrunn, er noko anna enn å kritisere meiningane eller oppførselen til personen.

Natasha Telson er seniorrådgivar i Likestillings- og diskrimineringsombodet. Foto: Thomas Eckhoff
Dårleg debattklima
Sadeghi er medlem av Oslo Raud Ungdom, og har lyst til å jobbe med politikk når han blir vaksen.
– Det er ikkje slik eit debattklima bør vere.
Han meiner at det er greitt at folk er ueinige, men at det ikkje er greitt å angripe nokon på grunn av minoritetsbakgrunnen deira.
– Eg må jo tilpasse meg i framtida når eg skal debattere dei vaksne på ordentleg.
Han trur alle hadde hatt godt av ein debatt der alle var litt hyggelegare mot kvarandre.
– Nokre gongar blir debatten heit, men det blir lite konstruktivt når det utviklar seg til skjellsordkamp.

Sjølv om han berre er 14, har Jakob Sadeghi (t.h.) ein god del erfaring med politisk debatt. Her diskuterer han med Acelynn Jenelle Telna Mikalsen under Ungdommens bystyremøte i oktober. Foto: Mia Huse
Likestillings- og diskrimineringsombodet har lagt merke til at debattklimaet påverkar unge.
Dei har vore på skulebesøk på fleire vidaregåande skular, og trekker fram at fleire elevar fortel at dei vegrar seg for å delta i samfunnsdebatten, blant anna fordi dei fryktar negative kommentarar.
– Me forventar at ein vaksen moderator på ei Facebook-side svarer ein ungdom på ein anstendig måte, skriv Telson.
Såg ikkje alderen
Framtida har lagt fram kritikken og Sadeghis reaksjon på kommentaren for Norgesdemokratene. Dei bekreftar interaksjonen.
– Svaret vårt, med bilete av ein flybillett, var eit sarkastisk svar som må sjåast i samanheng med dei grove og usaklege skuldingane i kommentaren, skriv partileiar i Norgesdemokratene Anne Cecilie Kristensen på e-post til Framtida.
Ho skriv at dei ikkje såg alderen til personen då dei svarte, og at svaret var retta mot innhaldet i kommentaren, ikkje personen som skreiv han.
– Me meiner det er legitimt å diskutere konsekvensane av innvandringspolitikken. Det kallar nokon for rasisme. Me kallar det realisme.
Flybilletten blir stadig brukt av partiet i sosiale medium for å fronte remigrasjonspolitikken deira.

Anne Cecilie Kristensen er partileiar i Norgesdemokratene. Foto: Privat
Vil fjerne hatparagrafen
På kritikken frå Likestillings- og diskrimineringsombodet svarer Kristensen at vurderingar av straffansvar ligg utanfor verkeområdet til ombodet.
– Vurderinga er prega av ei skjønnsmessig og personleg fortolking av både ytringa og rettspraksisen det blir vist til.
Ho skriv at høgsterettssaka som ombodet viser til, ikkje lar seg samanlikne med denne situasjonen.
– Kommentaren frå vår hovudbrukar var eit sarkastisk svar i ein politisk debatt om innvandring og remigrasjon. Ytringa ligg innanfor det som er tillate i politisk debatt, og utgjer ikkje trakassering eller ei hatefull ytring etter lova.
Ho understrekar at Norgesdemokratene uansett ønsker å fjerne straffelovens § 185, som handlar om at hatefulle ytringar er straffbare.
– Me meiner det er uheldig når kritikk av innvandringspolitikken automatisk blir omtala som rasisme, noko som gjer det vanskeleg for mange å delta i debatten. Det er også ei kjent problemstilling for mange barn og unge.
– Feigt
Sadeghi synest det er feigt av Norgesdemokratene å ikkje kalle kommentaren rasisme.
– Det var ein kommentar der dei gav akkurat meg «ei gåve» med bodskapen om at dei vil remigrere meg.
Han trur ikkje dei ville skrive det til ein etnisk norsk eller kvit person. At Norgesdemokratene ikkje kjente til alderen hans, synest han heller ikkje er ei unnskyldning.
– Det er ikkje greitt å sende noko sånt til ein som ikkje er mindreårig heller. Alle menneske har kjensler, og ein vil oppleve det som hat og diskriminering uansett alder.

Jakob Sadeghi (i midten) er aktiv samfunnsdebattant sjølv om han berre er 14. Her er han på Ungdommens bystyremøte i oktober med nye venner. Foto: Mia Huse






