Frå dokumentar om den tyske kolonimakta til sjarmerande Julianne Moore-komedie – her er filmmeldar Jenny Lund sine favorittar frå Bergen internasjonale filmfestival.
I år fekk eg for første gong vore nokre dagar på Bergen internasjonale filmfestival.
Det er viktig å merke at eg ikkje fekk sett alt det eg gjerne skulle: Eg ser for eksempel fram til å få med meg Club Kid og NAZA på kino, medan eg håpar sjansen til å sjå festivaltitlar som Arrested Memory og Light Pillar byr seg ein annan gong.
Her er fem høgdepunkt frå festivalen:
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF)
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er ein årleg filmfestival i Bergen, og den største i Noreg.
Festivalen har eit spesielt fokus på dokumentarfilm.
Festivalen føregjekk frå 14. til 22. oktober 2026.
«Primetime»
Frå 2004 til 2007 var To Catch a Predator eit fast TV-innslag i det vekentlege amerikanske nyheitsprogrammet Dateline på NBC.
Formålet var å fange vaksne som ville ha seksuell kontakt med barn, noko dei oppnådde ved bruk av lokkeoperasjonar der produksjonen gav seg ut for å vere unge tenåringar på nett. Då dei blei einige om å kome heim til det dei trudde var mindreårige, stod programleiar Chris Hansen klar til å konfrontere dei med meldingane dei hadde sendt.
Det var TV som engasjerte, men også kontroversielt.
I Primetime følgjer me Hansen (Robert Pattinson) gjennom private affærar og produksjonen av serien, og dessutan skodespelaren Daniel (Skyler Gisondo), som blir henta for å spele unge gutar som lokkemiddel for potensielle overgriparar.
Dette er den filmen eg hadde størst forventningar til, og sjølv om eg ikkje blei blåst av banen, er det ein som er vel verd å få med seg.

Robert Pattinson i «Primetime». Foto: David Bolen/Bergen kino via Nordisk Film Distribusjon
Rar og ubekvem i riktige mengder er Primetime eit vellaga portrett av den vanskelege blandinga av påståtte gode intensjonar og det evige jaget etter fleire sjåarar. To Catch a Predator var eit problematisk TV-konsept frå første stund, men regissør Lance Oppenheim lykkast i få fram nyansane.
Primetime kjem på norske kinoar 4. november.
«The Debut»
På utsida ser livet til husmora Mona (Julianne Moore) ganske komfortabelt ut, men det er ikkje akkurat så spennande. Og så er ikkje folk så altfor interesserte i kva ho har å seie, heller, så det er best å ikkje gjere så mykje ut av seg.
I eit sjeldan eksempel på spontanitet bestemmer ho seg likevel for å prøve seg på audition for musikalen Noisy Neighbours. Ho har ikkje sunge på årevis og har null skodespelarerfaring, så då ho får rolla, er det eit sjokk.

Foto via Nordisk Film Distribusjon
Med meir engasjement enn talent går ho laus på birolla si, men regissøren Jerry (Paul Giamatti) er ein hard fyr, bestemt på å presse ein skikkeleg prestasjon ut av ho. Mona vil nødig skuffe, og set seg inn i rolla med alt ho har.
Dette hadde vore supert, om det ikkje også gjaldt utanfor teatersalen.
Med ein strålande og supersøt Julianne Moore i hovudrolla er The Debut ein sjarmerande komedie med enorm kjærleik både for karakterane sine og skodespelarkunsten. Eg trur òg det var den einaste filmen utan regibesøk der folk begynte å klappe då rulleteksten begynte, som seier noko om stemninga i salen.
The Debut kjem på kino 12. februar 2027.
«Meanwhile in Namibia»
I åra mellom 1904 og 1908 drap tyske kolonistar mellom 50 000 og 90 000 menneske i Namibia, som då var under deira koloniherredøme. Valden var mot to bestemte folkegrupper, hererofolket, som hadde gjort opprør mot kolonimakta, og namafolket. Då tyske styrkar omsider fekk beskjed om å ikkje drepe fleire, blei folk sette i konsentrasjonsleirar.
Tyskland innrømte i 2015 at dette var folkemord, men landet held fast på at handlingane i dag ikkje kan straffast i tråd med dette. I staden har dei sett opp ei bistandsordning for å støtte utviklinga til landet.
Det er vel i det minste bra.
Ikkje sant?
Meanwhile in Namibia er eit knivskarpt blikk på korleis denne bistandsordninga på ingen måtar set namibiarane sine perspektiv og ønskje i sentrum, med auge for korleis tyskarar oppfører seg i Namibia, også i dag.

Frå «Meanwhile in Namibia» Foto: Jonas Spriestersbach/Uavhengig distribusjon via Nordisk Film Distribusjon
Ein del av prosjektet er for eksempel eit ønskje om å byggje museum for å bevare dei ulike stammekulturane frå før det var noka form for europeisk kontakt. På papiret høyrest det kanskje greitt ut, men problemet kjem når dette krev både at innbyggarane byggjer musea sjølve, for å så kle seg opp og spele rolla som «tradisjonelle stammefolk», uavhengig av kor vidt dette er kultur dei kjenner seg knytt til. Støtta kjem heller ikkje før prosjekta er ferdige, og er då i form av marknadsføring for å bringe inn, hovudsakeleg, tyske turistar.
Dette er den filmen eg såg på BIFF som eg har tenkt mest på i etterkant, fordi han rett og slett makta å gjere meg skikkeleg sint.
«Once Upon a Time in Harlem»
Året er 1972. William Greaves, ein anerkjend dokumentarfilmskapar, har eit nytt prosjekt på gang. Han sender ut invitasjonar til dei attlevande, viktige skikkelsane frå Harlem-renessansen, ein periode på 1920-talet der afroamerikanske kunstnarar og intellektuelle bidrog til ei enorm kulturell oppblomstring i Harlem i New York. Samla til fest i huset til den legendariske jazzmusikaren Duke Ellington møter me dei både som intervjuobjekt og i samtale med kvarandre.
William Greaves døydde i 2014, men no har sonen David Greaves ferdigstilt arbeidet han starta.
Då eg gjekk inn i kinosalen, hadde eg ingen kunnskap om Harlem-renessansen, men då eg kom ut kunne eg ikkje vente med å lære meir. Dette er ein dokumentar med djup respekt og nysgjerrigheit overfor folka han omhandlar. Kjensla av å få vere med inn i rommet og berre lytte til forteljingane og diskusjonane som er på gang, er utruleg fin, spesielt no, femti år etter at det heile blei filma, og eit heilt hundreår etter sjølve renessansen.

Frå «Once Upon a Time in Harlem». Foto: Uavhengig distribusjon via Nordisk Film Distribusjon
«Hope»
Politisjef Ko Bum-seok (Hwang Jung-min) har vanlegvis ikkje så mykje å gjere i den vesle hamnebyen Hope, men då merker etter eit enormt beist dukkar opp, tar dei fredfulle dagane brått slutt. Saman med kollegaen Im Sung-ae (Jung Ho-yeon) gjer han sitt beste for å beskytte befolkninga, men i skogen lurar andre farar.
Hope er, om ikkje anna, ein film full av overraskingar på både godt og vondt. Det som startar som ein nesten thrilleraktig monsterfilm, vrir og vender seg om til ei ofte absurd sci-fi-handling.

Frå den sørkoreanske filmen «Hope». Foto: SF Norge
Dette er langt ifrå ein av favorittane mine frå festivalen, men det er ein av dei filmane som eg likevel ikkje kan unngå å anbefale, fordi eg veit det er eit publikum der ute som vil elske han. Dei datagenererte effektane er tidvis nesten pinleg kunstige, og filmen er ein altfor lang affære som minner om to til tre ulike filmar slått saman. Trass i alt dette kan eg ikkje seie at det ikkje var gøy, spesielt fordi karakterane er konsekvent underhaldande.
Hope kjem på kino 20. november.






