Demonstrerte mot dyrare folkehøgskular

Berre eitt år etter dei skrinla forslaget, ønskjer regjeringa nok ein gong å gjera folkehøgskulane dyrare. Det vil ikkje elevane ha noko av.

NPK-Emil Askvik Hosøy
Publisert

Det vart fullt på Eidsvolls plass tysdag då folkehøgskuleelevar frå ei rekkje skular samla seg for å protestera. Dei hadde tilsynelatande førebudd seg godt, for over alt kunne ein sjå fargerike banner og plakatar med oppfinnsame slagord.

Det dei protesterte mot, er regjeringa sitt framlegg i statsbudsjettet for 2027 om å gjera det dyrare å gå på folkehøgskule. Konkret ønskjer regjeringa å gjera det slik at berre 15 prosent av studielånet elevane kan ta opp, vert omgjort til stipend og dermed sletta. I dag ligg stipenddelen på 40 prosent.

– Dette er ein veldig viktig del av norsk utdanning og kultur og ikkje noko me har råd til å mista, seier initiativtakar og arrangør Ida Dørmænen Irgens (18).

– Tullete

– Kva tykkjer du om at regjeringa føreslår dette berre eitt år etter dei gjorde det førre gong?

– Eg tykkjer det er tullete. Me var tydelege nok i fjor, at me ikkje skal la dette skje. Kanskje dei tenkjer at me skal gje oss no, men det skal me ikkje.

Dørmænen Irgens går på Sund Folkehøgskole i Trøndelag og er arrangør av og initiativtakar til demonstrasjonen.

I tillegg til forslaget om å kutta i stipendet, vil regjeringa i denne omgangen ogso fjerna knekkpunktet i tilskotsmodellen, grensa i elevtal som avgjer kor mykje tilskot skulen får per elev.

Dagleg leiar i Folkehøgskolerådet Anne Tingelstad Wøien har uttalt til TV2 at det kan bety slutten på 25 av 77 folkehøgskular.

Dørmænen Irgens fortel at ho sjølv har hatt stort utbyte av folkehøgskulen. Ho meiner kutta er usosiale.

– Eg nyttar tid på dette fordi folkehøgskulen er viktig for meg personleg. Eg har hatt eit so fint år med mange nye vener. Eg har fått mange nye opplevingar eg ikkje hadde fått elles.

– Det er viktig for meg å kjempa denne kampen fordi folkehøgskulen ikkje skal berre vera for dei som har råd, han skal vera for alle. Kuttet i stipendet vil gjera det vanskelegare for mange.

Ap: – Store forhåpningar

Dette med pris og tilgang for alle var eit argument som gjekk att frå mange av appellantane.

Kanskje gjorde det litt inntrykk på regjeringa trass alt, for Arbeidarpartiet enda med å senda ned ein representant midtveges i protesten for å gjera det klårt at dei lytta til elevane.

– Eg har store forhåpningar til at me finn ei løysing i budsjettforhandlingane, erklærte Vebjørn Gorseth, medlem i Utdannings- og forskingskomiteen for Arbeidarpartiet.

Han heldt fram med å kommentera ein av plakatane elevane hadde tatt med seg: «Dere er heldige vi ikke er franske.» Gorseth kalla det eit eksempel på styrken ved folkehøgskulen, at folk lærer å delta slik i demokratiet.

Gorseth avslutta med å ikkje lova noko.

– De har fått lovnader før, so eg skal ikkje lova dykk noko, men eg håpar budsjettet ser annleis ut i desember.