Regjeringa: Roblox, Tiktok og Snapchat skal få 16-årsaldersgrense

Regjeringa vil at også dataspel og meldingstenester som kan vere skadelege for barn, skal kunne få same aldersgrense som sosiale medium.

NPK-NTB
Publisert

I ei pressemelding skriv regjeringa at dei endrar og målrettar forslaget om 16-års aldersgrense i sosiale medium. Også enkelte spel blir omfatta.

– Det finst enkelte spelplattformer i dag som er litt maskerte som eit spel, men som eigentleg er fulle av funksjonar som algoritmestyring og ulovleg marknadsføring mot barn, som gjer at vi ønskjer at det òg skal vere ein del av dette, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til NRK.

Roblox og Snapchat

Regjeringa meiner at mellom anna Tiktok, Snapchat og Roblox vil omfattast av lovforslaget slik plattformene er utforma i dag.

– Barns tryggleik må komme først. Arbeidet til Arbeidarparti-regjeringa med ei lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium er snart ferdig, og vi gjer lova meir treffsikker for å verne barn og unge. Samtidig varetek vi retten deira til å delta, seier Vågslid i ei pressemelding.

Skadelege sosiale medium blir ifølgje regjeringa definerte som plattformer som gjennom utforming, eigenskapar eller innhald inneber risiko for barns kjenslemessige, kognitive eller helsemessige utvikling eller tryggleik.

Også YouTube kan få 16-årsgrense, ifølgje Vågslid.

Aldersverifisering

Aldersgrensa skal gjelde fram til 1. januar det året ein fyller 16 år. Det blir opp til selskapa sjølve å sørgje for aldersverifisering som fungerer og varetek personvernet.

Ifølgje Vågslid vil det framleis vere mogleg for unge under 16 år å kommunisere med kvarandre digitalt òg etter at lovforslaget trer i kraft. Ho vil likevel ikkje seie kva for nokre digitale plattformer som vil vere lov.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram lovforslaget for Stortinget innan utgangen av året, og lova skal etter planen tre i kraft ein gong neste år.