Frankie Rød ønsker eit samfunn der alle har fridom til å vere seg sjølve.
Frankie Rød rykka nyleg opp som leiar av Skeiv Ungdom 1. oktober, etter at tidlegare leiar Rebecca Zahl har trekt seg.
Rød fortel at han ønsker å vere ein leiar som lyttar til medlemmene og sørger for at røysta deira vert høyrd.
– Av frykt for å høyrast klisjé ut er nok førebileta mine alle dei som har gått framfor oss i den skeive kampen. Men om eg må velje ut éin person, er det nok Christine Marie Jentoft.
Frankie Rød
Alder: 27
Personleg pronomen: Han/dei/hen
Frå: Sarpsborg i Østfold
Favorittfag på skulen: Historie eller kunst og handverk
Andre verv: Styret til PION. Har tidlegare vore leiar av Ungdom mot EU.
Medlem i: Skeiv Ungdom <3
Meir radikale
Rød skriv til Framtida at dei viktigaste sakene for Skeiv Ungdom i 2026 er:
- Kampen mot høgreekstremisme og radikalisering
- Eit verdig helsetilbod for transpersonar
- Betre seksualundervising.
– Kampen for eit tredje juridiske kjønn kjem til å bli veldig viktig for oss framover, skriv Rød.
– Kva er den største skilnaden mellom Skeiv Ungdom og Fri?
– Vi er jo ein ungdomsorganisasjon, så vi er nok hakket meir radikale enn Fri. Og så er vi nok meir opptekne av å skape alkoholfrie sosiale arrangement.
Drag og slam
På fritida fortel Rød at han driv med drag og slam-poesi, speler Dungeons and Dragons og les mykje. Den største tidstjuven i kvardagen er Minecraft.
– Kva har gjort at du har engasjert deg?
– Eg har eigentleg alltid vore engasjert, men grunnen til at eg har engasjert meg i skeiv kamp, er fordi eg ønsker ei betre verd for dei unge skeive som veks opp no, og dei som kjem etter oss.
– Kva er dine hjartesaker?
– Eg har så mange hjartesaker! Den største er nok flyktningpolitikk, men eg er òg oppteken av mellom anna å oppheve sexkjøpslova, betre transhelsetilbod og ei god og inkluderande seksualundervising.
Fridom for alle
Rød fortel at han held seg oppdatert ved å lese nyheiter kvar morgon, og at sentralstyret i Skeiv Ungdom held han oppdatert om han har gått glipp av noko.
– Du vaknar opp i morgon til draumenyheita di. Kva er overskrifta?
– «Helsestasjon for kjønn og seksualitet (HKS) tar over som nasjonalt kompetansesenter for transhelse»!
– Kva er idealsamfunnet, og korleis skal vi nå det?
– Idealsamfunnet er eit samfunn der alle har fridom til å vere seg sjølve. Det handlar mykje om arbeid med haldningar og rettar.
– Kva person, levande eller død, ville du ha invitert på middag?
– Eg ville gjerne invitert Audre Lorde på middag. Eg trur ho kunne ha lært meg mykje gøy. Eg ville ha laga chana masala.

– Kva for ei bok burde alle lese?
– Alle bør lese Gender Queer av Maia Kobabe. Den er lettlesen og skildrar noko som kan vere stort og vanskeleg, på ein ganske enkel og grei måte.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Ser lite seriar, men Our Flag Means Death er ein kjempemorosam og søt skeiv komedie.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Maid of Steel av Sabaton er alltid ein banger.







