Norsk Målungdom kallar tullenynorsk-kampanje lågmål

«Eg veit ikkje kvisleis eg har det, men eg fekk 4 i sidemål», lyd ein ny kampanje frå Mental Helse Ungdom. Norsk Målungdom synest kampanjen er kritikkverdig og barnsleg.

Mia Huse
Publisert

Mental Helse Ungdom publiserte måndag 5. oktober eit Facebook-innlegg med teksten «Eg veit ikkje kvisleis eg har det, men eg fekk 4 i sidemål. Skrot sidemål – bruk tida på psykisk helse.»

Innlegget ligg framleis ute.

Det reagerer Norsk Målungdom sterkt på.

– Dei rakkar jo på ein måte ned på andre for å få opp seg sjølve, seier leiar Sebastian Natvik til Framtida på telefon.

Han seier målungdommen ikkje er ueinige i at psykisk helse skal vere eit fag i skulen, men at dei synest det er lågmål og irrelevant å trekkje inn nynorsk.

– Dei flørtar med den populismen som veldig mange ungdomsparti, særleg på høgresida, bruker.

Leiar i Norsk Målungdom Sebastian Natvik synest ikkje noko om å tulle med nynorsk som retorisk verkemiddel. Foto: Målungdommen

– Tullenynorsk fungerer dårleg

Natvik meiner at sidemål er eit viktig tiltak for jamstillinga av nynorsk og bokmål.

– Sidemål er ein del av norsken. Å kutte sidemål gjer ikkje elevane betre i hovudmålet sitt.

Dessutan reagerer han på at Mental Helse Ungdom hengjer ut det han meiner allereie er ein utsett gruppe.

– Det er særleg kritikkverdig å gå mot nynorskbrukarar, som er stigmatisert og har fordommar mot seg. Me har jo omgrep som «fjøslatin» og «grautmål», og ein del nynorskbrukarar byter til bokmål.

Han reagerer også på samanblandinga av nynorsk og sidemål.

– Det er ikkje alle som har nynorsk som sidemål. Å bruke tullenynorsk som eit argument funkar ganske dårleg i nynorskområda, vil eg tru.

«Kva skal ut?»

– Eg forstår at dei reagerer på akkurat denne annonsen. Når me brukar nynorsk i ein annonse om sidemål, ser me også at det kan bli oppfatta som om nynorsken eller nynorskbrukarane sjølv blir gjort til poenget, skriv generalsekretær i Mental Helse Ungdom Adrian Lorentsson til Framtida på e-post.

Adrian Lorentssen er generalsekretær i Mental Helse Ungdom.

Samtidig meiner han at det er viktig å sjå annonsen som ein del av heile kampanjegrepet til Mental Helse Ungdom, og han skriv at dei bruker tilsvarande spissa bodskap om matematikk, fransk og kroppsøving.

– Me meiner ikkje at løysinga er å sette psykisk helse og nynorsk opp mot kvarandre, men det tvinger seg fram når me blir møtt med «kva skal ut?» når me ber om eit psykisk helsefag i skulen, skriv Lorentsson.

Han skriv at kampanjen og oppropet er eit bevisst svar på premissen om at noko må ut av skulen for at eit psykisk helsefag skal få plass.

Mental Helse Ungdom meiner dessutan ikkje at sidemål bør bli fjerna frå skulen, ifølgje Lorentsson.

– Barnsleg

– Eg synest ikkje noko om å spele på den utbreidde oppfatninga om at skriftspråket til titusenvis av norske elevar er stygt og utdatert, berre fordi det er effektivt å tulle med nynorsk, seier Natvik.

Han kallar kampanjen barnsleg, og ber om at Mental Helse Ungdom trekker han og seier unnskyld.

– Det er særleg hjarteskjerande å sjå at akkurat Mental Helse Ungdom kan ty til noko så lågmål, seier han.

Han meiner det ikkje gjer den mentale helsa til ungdom betre at Mental Helse Ungdom gjer narr av identiteten til fleire av dei.

– Dei bør jo fokusere på dei faktiske problema. Går ein inn på kampanjen, kan ein lese veldig mykje bra. Dei kunne fronta dette på ein heilt anna måte.

Trekker han ikkje

Lorentsson frå Mental Helse Ungdom skriv at dei ikkje kjem til å trekke kampanjen.

– Me står ved kravet om psykisk helse som eige fag, og me har valt eit spissa kommunikasjonsgrep for å skape debatt om prioriteringane i skulen.

Mental Helse Ungdom svarte på kritikken onsdag 7. oktober. Skjermdump: Facebook

Samtidig seier han at dei har fått tydeleg kritikk av element i kampanjen, særleg nynorskvarianten.

– Den kritikken tar me på alvor. Me kjem derfor til å gå gjennom enkelte delar av kampanjen og gjere nokre justeringar, sidan me ikkje ønsker at folk opplever at me gjer narr av dei.

Dei har moderert kampanjen litt, blant anna ved å endre «skrot sidemål» til «skrot sidemål, gym og tysk» på nettstadane sine og ved å publisere eit Facebook-innlegg som no er sletta, der dei forklarar kampanjen i møte med kritikken.

Lorentssen skriv til slutt at det aldri har vore hensikta å gjere narr av nynorsk eller nynorskbrukarar.

– Dei kan jo meine så mykje dei vil at dette ikkje er meint som eit angrep på nynorsk, men det gjer det ikkje til noko mindre angrep at dei seier det, seier Natvik.