Michaela (22) og Inez (26) deler dei beste reisetipsa sine
Skal du reise i haustferien? Unge reiseinfluensarar deler sine tips og erfaringar med deg som skal ut og reise aleine for fyrste gong.
Michaela Münster er 22 år gamal, og reiste aleine for fyrste gong då ho var 18. Då reiste ho til Sør-Afrika for å jobbe på eit herberge for dyr. Ho har sidan vore i fem verdsdelar og 40 land.
Då ho var 19 kjøpte ho ein einvegsbillett til Bali med planar om å bli i Asia i fem månadar.
– Eg flaug dit utan nokon plan, hadde berre booka éi natt på hostell og visste ikkje kva for land eg skulle til neste, seier ho til Framtida på telefon.
Overveldande
Münster fortel at den fyrste turen vart veldig fin, men at ting var ganske nytt og overveldande då ho kom.
– Eg visste ikkje korleis eg skulle krysse vegen fordi det var så mykje trafikk, eller korleis eg skulle kome meg på matbutikken, seier Münster.
Ho anbefaler likevel alle unge å tore å reise aleine.
– Den fyrste natta var sjukt overveldande, og eg følte meg så aleine. Eg angra nesten litt, men eg trur det er ei veldig vanleg kjensle. Eg trong berre litt tid til å finne ut av korleis ting fungerte, og no elskar eg jo å reise.
🌍 Reisetipsa til Michaela:
- Ikkje pakk i koffert eller sjekk inn bagasje. Du treng ikkje å pakke så mykje som du trur, og du sparer tid og pengar på å ikkje sjekke inn bagasje. Du slepp også å risikere at flyplassen mister bagasjen din.
- Reis med ein organisasjon dersom du er usikker og ønsker tryggleik. Sjølv om det kan vere dyrt, kan det vere verdt det å ikkje reise heilt aleine fyrste gong.
- Finn ut noko du vil gjere før du dreg. Finn restaurantar du vil teste, sjåverdigheiter du vil sjå og stadar du vil besøke før du dreg, så du slepp å bruke altfor mykje tid på å planlegge mens du er ute og reiser.
- Ha ein balanse mellom fridom og planar. Du treng ikkje å planlegge alt. Finn om lag éin ting du vil gjere kvar dag, slik at du har moglegheit til å vere spontan.
- Dra på lokale matbutikkar. Du treng ikkje å ete på restaurant kvar dag. Det er dyrt og unødvendig.
- Bo på hostell, men sjekk meldingane. Alle burde prøve å bu på hostell éin gong. Du kan få ei natt i Asia til 60 kroner og i London til 300.
- Ikkje tenk på å spare pengar heile tida. Minne varer evig, og pengar kjem tilbake. Eg er til dømes er veldig glad for at eg hoppa i fallskjerm og dykka i Great Barrier Reef.
- Oppdater dei heime regelmessig. Fortel kva du skal og ha på posisjon. Sjølv om du ikkje skal vere redd for å reise, er det greitt å skru på antennene litt.
- Ta masse bilete, og bilete der du sjølv er med. Tor å sette på sjølvutløysar eller spørje ein framand om å ta bilete av deg. Du kjem til å setje veldig pris på dei bileta når du kjem heim.
- Bruk minst mogleg tid inne på rommet ditt. Nyt at du er ung og sprek og legg bort telefonen din. Stå opp tidleg og få med deg ting, og lev i noet.
Visum til 5000
Inez Martinsen er 26 år gamal og deler reise- og jobbtips på TikTok. Ho har vore i 36 land. 30 av dei besøkte ho heilt aleine.
Ho reiste aleine for fyrste gong då ho var 21, og ho har sidan reist aleine i mange månadar samanhengande.
Martinsen tok sin fyrste langtur i 2024. Då besøkte ho blant anna Thailand og Australia, og ho var borte i over fire månadar.
Ho anbefaler alle å sjekke om ein treng visum før ein reiser.
– Då eg skulle sjekke inn på flyet frå Thailand til Australia, fekk eg beskjed om at eg måtte ha visum. Og det hadde eg jo ikkje fiksa, seier Martinsen til Framtida på telefon.
Ein må bestille innreisevisum til Australia tre dagar før avreise.
– Eg måtte kjøpe meg eit hastevisum, som eg trur kosta sånn fire til fem tusen kroner. Så den turen vart jo litt dyrare enn eg hadde planlagt.
Likevel anbefaler Martinsen alle unge å reise.
– Det er ei kjempegod oppleving å ha med seg og noko ein kjem til å hugse resten av livet.
🌍 Reisetipsa til Inez:
- Bruk tid på å finne ut kor du vil dra. Det finst mange gode tips på TikTok.
- Ikkje planlegg og book for mykje. Når du reiser aleine, kan du gjere akkurat kva du vil, og det er fint å halde timeplanen litt fri. Du kjem nok til å møte nokon, og då er det fint å ha tid til å gjere ting med dei.
- Men ha om lag éin ting du veit at du vil gjere kvar dag. Det kan vere noko du vil sjå, ein aktivitet du vil gjere eller ein restaurant du vil gå på.
- Gå rundt utan mål og meining. Du lærer masse om staden du er på ved å berre vandre rundt utan nokon spesifikk plan.
- Book fly på Skyscanner eller liknande. Der finn du dei billigaste flybillettane for kvar dag.
- Bu på hotell om du vil det. Hostell er fint dersom du vil vere sikker på å bli kjent med nokon, men du kan møte folk gjennom sider som Trip BFF og liknande og framleis sove på eige hotellrom.
- Kjøp e-sim på førehand dersom du skal til eit land der det norske simkortet ikkje verkar. Då har du dekning og 4G med éin gong du landar.
- Ta småjobbar gjennom Worldpackers og liknande dersom du skal vere borte lenge. Du kan få småjobbar på ting som hostell og gardar, noko som gjer det billegare og enklare å reise lenge.
- Hugs at du ikkje treng å reise med sekk. Eg reiser alltid med koffert. Då er det enklare halde system i tinga sine, og eg har aldri hatt noko problem med å reise rundt med koffert.
- Sjekk innreisereglane på førehand. Plutseleg står du på flyplassen utan visum, noko som kan bli veldig dyrt og veldig stressande å løyse.








