RU deltek på omstridd markering
RU er med, medan Oslo SU har trekt seg frå arrangementet «Støtt den Palestinske motstandskampen», som skjer same dag som Israel markerer terrorangrepet 7. oktober.
Ei samling av organisasjonar frå ytre venstreside skal vise støtte til Hamas og palestinsk motstandskamp 7. oktober, skriv Aftenposten.
Blant organisasjonane som hadde slutta seg til arrangementet, stod Oslo Sosialistiske Ungdom og Raud Ungdom.

Alexandra Joy Messel Øhrn-Fredwall er leiar av Raud Ungdom. Foto: Raud Ungdom
– Etter 7. oktober forverra folkemordet mot palestinarane seg drastisk, og det er difor vi meiner det er riktig å demonstrere den dagen, skriv RU-leiar Alexandra Fredwall og generalsekretær i RU Zelda Hasle Borgersrud Øgrim, i ein SMS til Framtida.
Dei understrekar at dei ikkje støttar drap på sivile, men at vi som trygge nordmenn ikkje kan fortelle palestinerane korleis dei skal oppnå eiga frigjering.
– Skikkeleg grovt
Det har gått tre år sidan Hamas angreip Israel 7. oktober. 1200 menneske blei drepne, og omtrent 250 blei tatt som gissel.
Direktør for Holocaustsenteret Jan Heiret meiner markeringa er eksplisitt støtte til terrorangrepet, og reagerer på at delar av norsk venstreside er med.
– Dette er skikkeleg grovt, seier han til Aftenposten.
Facebook-arrangementet har eit bilete av to Hamas-krigarar som veivar med det palestinske flagget.
Oslo SU har trekt seg

Sara Ude Hasle er leiar i SU. Foto: Sosialistisk Ungdom
Oslo SU var fyrst oppført som ein av dei tilslutta organisasjonane, men har no trekt seg frå arrangementet.
– Det stemmer at Oslo SU var tilslutta, men dette var ein grov glipp i rutinane, skriv SU-leiar Sara Ude Hasle i ein e-post til Framtida.
– Vi har hatt god dialog med Oslo SU, som straks trekte seg frå arrangementet. Dette har arrangørane også fått beskjed om.

Slik såg arrangementet ut før Oslo SU trekte seg. Skjermdump: Facebook
Ho skriv at dei skal gå igjennom rutinane for tilslutning til arrangement.
– Vi støttar det palestinske folket i sin frigjeringskamp og krev ein stans i det pågåande folkemordet. Samstundes har vi alltid og vil halde fram med å fordømme det forferdelege angrepet 7. oktober. Vi tek sterk avstand frå alle former for terror og angrep på sivile.
Sosialistisk Ungdom meiner arrangementet ikkje er i tråd med deira linje, skriv Hasle.
Palestinakomiteen arrangerer 10. oktober
Tidlegare har Palestinakomiteen også markert 7. oktober. Det fekk fleire til å reagere.
Palestinakommiteen arrangerer i år ein aksjonsdag for Gaza 10. oktober, som ein del av eit globalt initiativ.
– Vi markerer tre år med Israels folkemord i Gaza, og aukande statleg støtta busettarvald på Vestbreidda, skriv dei på nettsidene sine.
Raud Ungdom skal vere tilstades også her.
– Vi deltek sjølvsagt på palestinakomiteen sin markering, skriv Fredwall og Borgersrud Øgrim til Framtida.



