Her får innbyggarane betalt for å lese bøker
Singapore har kome med eit nytt grep for å få folk til å lese meir.
I Singapore kan innbyggarane no tene opp poeng ved å lese minst 15 minuttar dagleg. Etter 50 registrerte økter, kan dei tene éin singaporsk dollar, som tilsvarer 7,40 norske kroner.
Les dei 15 minutt kvar dag i eitt år, kan dei tene 54 kroner. Samstundes skal alle få gratis tilgang til ei populær e-bok i månaden.
Den nasjonale biblioteksjefen Melissa Tam seier til Straits Times at dei ønsker å bygge varige lesevanar gjennom små, oppnåelege steg.
– Vi veit at vanar vert bygde gjennom små, konsekvente handlingar. Så vi startar med eit enkelt mål: Berre les i 15 minutt per dag. På bussen, før senga eller i lunsjen, seier ho.
Ho viser til at verda inneheld ei overflod av innhald, informasjon og stimulering, men at folk brukar mindre tid på å fokusere djupt på det dei les. Ho påpeiker at det å lese lange tekstar bidrar til å utvikle ferdigheiter som kritisk tenking, fantasi, empati og merksemd.






