162 arresterte i LHBTQ+-raid i Tyrkia

I helga blei det gjort store raid mot LHBTQ+-fellesskap i Tyrkia, visstnok for å «beskytte familiar og barn».

Einar Nygaard
Publisert

Tyrkiske myndigheiter raida denne helga fleire skeive lokale og arresterte minst 162 menneske, i ein operasjon som har fått namnet «Familien min er trygg». Det meldar Deutsche Welle.

Raida skal ha skjedd på utestader, organisasjonslokale, og i heimane til skeive.

Myndigheitene i Tyrkia seier målet var å vise at dei ikkje ser på LHBTQ+ som normalt, og for å beskytte «familieverdiar».

– Fordi det etter grunnloven er statens plikt å beskytte familiar og barn, kan ingen kriminell organisasjon, mishandlingsnettverk eller ulovleg aktivitet retta mot barn, unge eller familiar tillatast.

Det skriv den tyrkiske justisministeren Akin Gurlek på sosiale medium.

Homofili er lovleg i Tyrkia, men skeive er under kraftig press i landet. Myndigheitene har mellom anna innført forbod mot pride, og driv aktivt med angrep på skeive sine rettar.

Koordinert åtak

Justisminister Gurlek sa etterforskinga var eit samarbeid mellom fleire byar, og involverte rettsforfølging mot 162 menneske, ni organisasjonar og 15 bedrifter.

Ifølge rettigheitsgruppa Kaos GL skal myndigheitene òg ha kutta tilgang til titals nettsider og kontoar på sosiale medium, som mellom anna tilhøyrte rettigheitsforkjemparar.

Rettigheitsgruppa seier ho har blitt skulda for å gjere «obskønt innhald» tilgjengeleg for barn.

Påtalemyndigheitene i Istanbul seier dei har funne bevis for at barn og mindreårige hadde blitt «upassande påverka» i spørsmål om seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Politiet skal også ha konfiskert rusmiddel, digitalt utstyr og ein pistol.

Fallande fødselsratar

President Recep Tayyip Erdogan har lenge skulda Tyrkias skeive for dei fallande fødselsratane i landet.

Tyrkias fødselsrate i fjor var 1.48. Han er lik som fødselsraten i Noreg same år.

Det er ingen grunn til å tru at Tyrkia sin fallande fødselsrate har noko med den skeive befolkninga å gjere.

Observatørar ser det som langt meir sannsynleg at det skuldast ein aukande finanskrise, dårleg tilrettelegging for barnefamiliar, og aukande grad av utdanning og sysselsetting for kvinner.