240 kraftverk kan få grøne sertifikat
Mosbakka Kraft i Sauda har gått fleire millionar kroner i underskot. Nå får dei grøne sertifikat og har tru på positive regnskapstal framover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Ryfylke.net
Da Mosbakka Kraft starta kraftproduksjon i Saudasjøen i 2010, var det med tru på at dei fekk støtte. Tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs lova bort driftsstøtte gjennom grøne sertifikat.
LES OGSÅ: Statssekretær angrar på grøne sertifikat
Men Mosbakka Kraft, og fleire andre påbyrja kraftverk, fekk aldri grøne sertifikat. Seks millionar kroner har eigarane innan utgangen av dette året skote inn for å dekke minusdrifta i Mosbakka Kraft.
I førre veke vedtok Stortinget at kraftverka som blei «lurt» av falske løfter likevel skulle få grøne sertifikat.
– Det var ein fantastisk flott dag på Stortinget. Dette reddar oss, jublar Dagfinn Birkeland, som følgde debatten i Oslo.
LES OGSÅ: Grøne sertifikat kan bli avvikla i 2020
Birkeland eig 25 prosent av Mosbakka Kraft. Haugaland Kraft eig 50 prosent. Dei resterande 25 prosentane er fordelt på andre lokale grunneigarar.
– For oss betyr dette svært mye. Bortsett frå det første året har me gått i minus. Med dei grøne sertifikata vil me truleg gå med eit lite overskot, seier Birkeland.
Heile 240 nye kraftverk blir nå tatt inn i ordninga med grøne sertifikat.
Faktaboks
Grøne sertifikat/Elsertifikat
Er ei felles svensk-norsk støtteordning innført i 2012 for utbygging av fornybar energi
Målet er at Noreg og Sverige skal produsera 26,4 TWh fornybar energi i år 2020, noko som tilsvarar forbruket til halvparten av norske hushald.
I Noreg vert sertifikata vert gitt ut av Noregs vassdrags- og energidirektorat
Ordninga er teknologinøytral, noko som vil seie at det ikkje vert teke omsyn til produksjonsmetoden, så lenge det er fornybart og ikkje slepp ut klimagassar
Vindkraft, bioenergi og vasskraft får støtte