Eivind Sudmann kjenner seg framleis att i bøkene til Karl Ove Knausgård.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Dette er nærmast ein klisjé for unge menn, men i slutten av tenåra slukte eg alt eg fann av den amerikanske forfattaren Charles Bukowski, skriv forfattar Eivind Sudmann på e-post til Framtida.

Forfattaren er aktuell med boka Gutt som kjem i august.

Då han sjølv var gutt, var det altså Bukowski som gjorde inntrykk, og då særleg bøkene Factotum og Ham on Rye (Nedenom og hjem). Han trekker også fram Haiene av Jens Bjørneboe og diktsamlinga Kom alle mennesker av Markus Midré.

Les det han har lyst til

Sudmann meiner ei god bok er ei som er ein god stad å tenke i. Eventuelt berre at ho er morosam, spennande eller interessant på ein eller annan måte.

Eivind Sudmann:

Alder: 41

Frå: Lillehammer

Utdanning: Nordland Kunst- og filmfagskole; Nordisk litteratur og språk frå UiO; Forfattarstudiet i Bø.

Yrke: Forfattar; Rådgivar i Stiftelsen LESE.

Kor mykje les du sjølv?: – Eg har ikkje halde teljing på ei stund, men då eg framleis gjorde det, låg eg som regel på mellom 50 og 100 bøker i året. No som eg i tillegg har fått meg ein jobb der eg mellom anna les og vurderer bøker, blir det sikkert noko meir.

– Familien min og eg held på å flytte akkurat no, men før vi pakka ned nattborda, låg Hamnet av Maggie O’Farrell der, og oppå den låg Siri Hustvedts Gjenferd, skriv han.

Sudmann fortel at han les kor som helst – heime, på jobben, på flyplassen og bussen, lydbøker i bilen – og veldig variert.

– Hovudregelen er at eg les akkurat det eg har mest lyst til, same om det er snakk om romanar, dikt eller teikneserieromanar. Eg les også ein del sakprosa, noveller og litt teater/høyrespel, skriv han.

I tillegg les han mykje barne- og ungdomslitteratur, både på jobb og for borna sine.

– Det er veldig fint, skriv han.

Vil skrive ferdig si neste bok

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

– Den neste romanen min. Eg vil eigentleg helst berre få litt meir tid til å jobbe med den, merkar eg.

– Kva forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg synest dette er eit litt vrient spørsmål, men det har fleire gonger hendt at eg har undervurdert ein forfattar, før eg seinare har innsett at det berre var eg som ikkje var klar/mottakeleg/interessert/moden nok til å komme ordentleg innunder huda på boka. Eg likar å få antakingane mine motbeviste på den måten. Det kjennest sunt.

Gaarder og Lindgren

Forfattaren fortel at foreldra hans las forteljingar, biletbøker og folkeeventyr for han då han var liten – aller mest mora hans. Han har særleg gode minne frå Astrid Lindgrens Mio min Mio og Brødrene Løvehjerte. Han hugsar også at ein lærar på barneskulen las Julemysteriet og Kabalmysteriet av Jostein Gaarder.

– Medan vi sat djupt konsentrerte ved pultane og åt matpakkane våre og drakk lunken skulemjølk.

På restaurant med Bukowski

– Kva karakter kjenner du deg mest igjen i?

– I åra då Karl Ove Knausgård gav ut dei seks Min Kamp-bøkene, kjente eg meg veldig ofte igjen i Karl Ove, hugsar eg. Då eg nyleg attlas Om våren av same forfattar, etter å sjølv ha fått to barn, var gjenkjenninga endå større/verre/betre/meir akutt.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg vil eigentleg helst ete middag med familien min eller nokre gode vener. Men eg kunne likevel gjerne møtt Charles Bukowski (daud) eller Julian Barnes (levande) på ein restaurant seinare på kvelden. Det trur eg hadde blitt ordentleg moro.

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Umogleg spørsmål. Julian Barnes, kanskje? Eller nei, huff. Astrid Lindgren? Tolkien? Nei, dette er heilt umogleg. Pass!

Vil ha ukjent skodespelar

Sudmann fortel at han verkeleg kunne tenke seg å sjå den ferske boka hans, Gutt, filmatisert.

– Hovudrolla, Mikael, bør helst spelast av ein ung skodespelar som eg aldri har sett før, sånn at det kjennest mest mogleg realistisk, skriv han.