Seks tips til deg som elska Odysseen

Har Odysseen gjort deg svolten på episke myteforteljingar? Her får du våre beste film- og lesetips!

Einar Nygaard
Publisert

Tre filmtips:

Lettbeint underhaldning: Hercules

Hercules, her frå ein utvald scene i Disney-serien Zenimation. Bilete: The Walt Disney Company

Kva ville ein liste om eventyrfilmar om gamle Hellas vore utan denne Disney-perla. Ikoniske songar, strålande animasjon, og ein Disney-skurk med knallgod komisk timing og udugelege medhjelparar. Har du ikkje sett denne er det berre å fylle popkornbøtta, og har du sett han synest vi godt du kan unne deg å gjere det igjen!

Brad Pitt i sjarmerande slåstefilm: Troy

Troja, eller Troy på engelsk, har Brad Pitt i hovudrolla som kjekkasen Akilles. Foto: Warner Bros.

Om du har sett Odysseen, og synest dei hadde for lite om Trojanar-krigane, er dette filmen for deg. Brad Pitt spelar den ikoniske helten Akilles, som gjennom mykje fekting og lite nøyaktige kostyme slost seg inn i Troja. Barskingane har aldri vore barskare, musklane har aldri hatt meir olje, og vi er her for det.

Clooney på sitt mest tøysete: O Brother, Where Art Thou?

I filmen kan vi sjå mellom anna John Turturro og George Clooney. Foto: Touchstone Pictures, Universal Pictures, NTB

George Clooney spelar hovudrolla Ulysses (Odyssevs) i denne moderne gjenforteljinga av Odysseen. Rett nok er den einøygde kyklopen bytta ut med eit Ku Klux Klan-medlem med auge-lapp, men Coen-brørne (The Big Lebowski, No Country for Old Men) følgjer rammene til Odysseen heile vegen. Denne musikalske reisa vil du ikkje gå glipp av.

Tre bøker du bør lese

Om du vil ha meir som Odysseen, og ikkje har lese Homer sin Odysseen, er det sjølvsagt den beste staden å begynne! Men om du har lese den, eller ønskjer deg noko meir moderne, har vi samla tre bøker du kan lese om du vil bli i dei greske mytanes verd.

For deg som diggar mytologi: Mythos og Heroes av Stephen Fry

Stephen Fry har fortrylla mange med lesing av ljodbøker. Omslag: Penguin Books Ltd

Jada jada, Heroes og Mythos er to bøker, så vi har teknisk sett allereie anbefalt deg tre bøker allereie. Men høyr oss ut! Stephen Fry (QI, Fry and Laurie) har skrive to jamgode bøker, som begge handlar om gudane og heltane frå antikkens Hellas. Så om ein legg godviljen til, er dei som ei bok i to delar. Og for deg som likar ljodbok best, er det Stephen Fry sjølv som les bøkene. Om du har høyrt ham lese Harry Potter, veit du at det ikkje kan gå gale.

Actionfylt ungdomsfiksjon: Percy Jackson og Lyntyven av Rick Riordan

Percy Jackson, her frå Disney-TV-serien med same namn. Foto: Disney, David Bukach

Ei bok for deg som er ny i myte-gamet, om ein ung gut med ADHD, eit talent for slåsting, og ein far litt utanom det vanlege. Ingen gjer Young Adult (YA) inspirert av antikken betre enn Riordan. Kanskje er det fordi han er ganske åleine om å gjere det, men vi klagar ikkje!

Fantastisk feminisme: Circe

Circe har vunne utruleg mange prisar, om du er ein som bryr deg om kva andre synest! Omslag: Bloomsbury Publishing PLC

Der Lyntyven kanskje er best for deg mellom 15-20, er Circe for deg som kjenner deg for voksen for YA. Om du, som oss, digga Circe i Odysseen, er dette boka for deg. Boka er ei feministisk forteljing om den fortryllande heksa frå hennar perspektiv, og handlar om korleis ein kan rive seg frå gudane og finne sin eiga sti.