Felicia (16) og Adele (23) har starta eigen cookie-butikk: – Ikkje gi opp
Medan mange ungdommar er på jakt etter sommarjobb, har søstrene Felicia og Adele skapt sine eigne – og fire til. I sommar held dei ope ein cookie-popup i Bjørvika, der dei testar draumen om ein eigen butikk.
Bak disken ligg brett på brett med nysteikte cookies. I popup-butikken Crantz Cookies i Bjørvika testar søstrene Felicia Madelen Thomassen og Adele Lindbæk ut draumen om ein fast cookiebutikk. Ein popup er ein butikk som berre er open i ein avgrensa periode, og denne held ope heile sommaren.
Thomassen står sjølv for all bakinga, medan Lindbæk har ansvaret for det som skjer bak kulissane.

Felicia Madelen Thomassen med nokre av cookiane frå popup-butikken Crantz Cookies i Bjørvika. FOTO: Madelen Kloster / Framtida.no.
Søstrene er oppvaksne i Son. Til vanleg studerer Lindbæk i London, medan Thomassen går på vidaregåande skule i København.
For å få kabalen til å gå opp har Felicia tilsett fire vener for sommaren. Då Framtida besøkte popupen, var det Niklas Eliassen og Sunniva Gautvik som hjelpte til bak disken.
– Det kjekkaste er at eg ikkje berre har skaffa meg sjølv sommarjobb, men òg sommarjobb til venene mine, seier ho.
Testa over 100 oppskrifter
Ideen om Crantz Cookies oppstod då Felicia besøkte storesystera i London.
– Vi smakte Ben’s Cookies, og dei var skikkeleg gode. Då ville vi prøve å lage dei heime i Noreg.
Til å byrje med delte søstrene ut cookies til familie og klassekameratar. Tilbakemeldingane var så gode at dei bestemte seg for å prøve å selje dei frå dør til dør.
– Etter kvart tenkte vi at vi skulle prøve ein liten popup. Då stod vi berre med eit bord heime i Son og selde.
Popupane fekk etter kvart merksemd på Instagram. I fjor vart dei inviterte til eit julemarknad på Grünerløkka, og sidan har dei hatt 13 popup-ar på Austlandet, mellom anna i Moss, Fredrikstad og Oslo.

Det tok over 100 oppskrifter før søstrene fann cookieoppskrifta dei var nøgde med. I dag blir deigen til cookies laga for hand. FOTO: Felicia Thomassen / Crantz Cookies
Søstrene har finansiert satsinga steg for steg ved å investere overskotet frå popupane tilbake i verksemda. Det har gjort det mogleg å satse stadig større. Den fem veker lange popupen i Bjørvika er den største satsinga deira til no.
Men det er ikkje alltid like lett å planleggje.
– Det er veldig uforutsigbart kor mange som kjem, og kor mykje ein skal steikje. Ein må òg vere god på marknadsføring – merkar ein at ein video går litt viralt, kjem det mange fleire kundar dei neste dagane, seier Thomassen.
Draumen om eigen butikk
Draumen er ein fast cookiebutikk i Oslo.
– No er dette ein test i sommar for å sjå korleis det går.
Ho er tydeleg stolt over det søstrene har fått til så langt.
– Eg er stolt over at vi har fått det til, og at vi kan glede så mange med cookiane våre.
Mange timar bak suksessen
Bak popupen ligg det mange timar arbeid.
– Det blir jo ikkje så mykje søvn. I natt sov eg vel fem timar, seier Thomassen.

Niklas Eliassen leverer ut førehandsbestilte cookies til kundar i popup-butikken. Foto: Madelen Kloster / Framtida.no
Ho legg ikkje skjul på at vegen dit har hatt motgang.
– Ein får ikkje alltid seld alt. Det har vore litt demotiverande innimellom når det ikkje kjem så mange folk. Men så blir det verdt det til slutt.
Fleire unge blir gründerar
Talet på unge gründerar har auka dei siste åra. Blant 18–24-åringar steig delen frå éin prosent i 2023 til ni prosent i 2025, ifølgje Innovasjon Noreg.
Øyvind Haga, avdelingsleiar for vekst og internasjonalisering i Innovasjon Noreg Aust, meiner det viktigaste er å teste ideen tidleg.
– Det første og kanskje viktigaste rådet er å teste ideen på andre. Snakk med moglege kundar og finn ut om dei faktisk er villige til å betale for produktet. Det er kundane som kan seie om ideen er god, skriv Haga i en e-post.
Han rår òg unge til å sjå om dei kan utvikle ideen som eit sideprosjekt før dei satsar fullt, og til å finne støttespelarar som kan gi både støtte og ærlege tilbakemeldingar.
Til andre unge som går med ein gründeridé, har Thomassen eit klart råd:
– Ikkje gi opp. Sjølv om det kan vere demotiverande i starten eller i periodar, må ein berre halde fram med å jobbe hardt. Det går fint å gjere feil – ein må berre tørre å prøve.







