Sommarjobb og frikort? Dette må du vite

Unge med sommarjobb bør bestille skattekort dersom dei reknar med å tene meir enn 100 000 kroner i år. Elles kan arbeidsgivaren måtte trekkje 50 prosent skatt av inntekta over frikortgrensa, åtvarar Skatteetaten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi minner om dette fordi mange først oppdagar det når dei ser at halve lønna frå sommarjobben er trekt i skatt, seier avdelingsdirektør Christel Halsen i Skatteetaten i ei pressemelding.

Alle som tener under 100 000 kroner i året, kan bruke frikort. Tener du meir enn dette, må du ha skattekort.

Skatteetaten minner også om at feriepengar skal reknast med når ein vurderer kor mykje ein kjem til å tene i løpet av året.

Har du fleire arbeidsgivarar, må du sjølv fordele frikortbeløpet mellom dei. Dersom du ikkje gjer det, kan berre éin arbeidsgivar bruke frikortet, medan dei andre må trekkje 50 prosent skatt.

– Ein god hugseregel er at alt som påverkar økonomien din, også kan påverke kor mykje skatt du skal betale. Derfor er det lurt å sjekke skattekortet dersom inntekta endrar seg, seier Halsen.