Sara Ude Hasle vart først med i Sosialistisk Ungdom etter kjærasten masa ho til det.
– Eg vil vere ein samlande leiar, og ein som tør å ta dei tøffe prioriteringane.
Det skriv Sara Ude Hasle (24) på e-post til Framtida. Førre veke vart ho vald som leiar i Sosialistisk Ungdom på landsmøtet deira.
– Mitt førebilete må nok vere Zohran Mamdani.
Den «demokratiske sosialistiske» ordføraren i New York vart også trekt fram som eit førebilete av den tidlegare SU-leiaren Audun Hammer Hovda, som har leia ungdomspartiet sidan 2024.
Sara Ude Hasle
Alder: 24 år
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Sandefjord, Vestfold
Yrke/utdanning: 3. året på grunnskulelærarutdanning på OsloMet
Favorittfag på skulen: Kroppsøving og norsk
Ulike verv: Kommunestyrerepresentant for Sandefjord SV
Medlem i: Sosialistisk Ungdom, Sosialistisk Venstreparti og Kvinnefronten.
Gratis SFO og antifascisme
Dei tre viktigaste sakene til partiet i år er klimakamp, antifascisme og aktivisme. Ho trekker spesielt fram kampen mot fascisme.
– Ytre høgre veks i Noreg, Europa og verda. Vi må ta til gatene, ta kampen og vere motstemma.
Hennar eiga hjartesak er at alle skal ha moglegheita til å leve gode liv. Om ho skal avgrense seg, er det gratis SFO som vinn fram.
– Det høyrest kanskje litt lame ut, men det er heilt sjukt viktig. I 2021 jobba eg på ein barneskule, som eg likte veldig godt. Det tyngste var berre då eg måtte gå til dei tre barna som ikkje hadde betalt SFO-avgifta, og be dei dra heim fordi dei ikkje kunne vere på skulen sitt område og leike med dei andre barna.
Hasle er på tredje året i lærarutdanninga si, og vil sleppe å gi fleire slike beskjedar. Ho meiner det også handlar om meir enn barna.
– Gratis SFO er god likestillingspolitikk. Ofte er det kvinner som ender opp med å måtte ta deltidsstillingar for å kunne vere heime med barna etter skuleslutt, men dersom barna kan gå på SFO til ordinær arbeidstid er ferdig, betyr det også at moglegheita for ei heiltidsstilling er større.
Hasle er dessutan godt nøgd med at landsmøtet framleis har lyst på ein nasjonal bank.
Biten av SU-basillen
Engasjementet starta med at kjærasten maste på at ho måtte melde seg inn i SU, og til slutt gav Hasle inn for presset.
– Og det er det beste valet eg nokosinne har teke. Etter mitt første møte vart eg biten av SU-basillen, og har aldri sett meg tilbake.
Når ho ser for seg idealsamfunnet, er det eit sosialistisk samfunn med små forskjellar og store fellesskap.
Ho er også ganske sikker på kva overskrifta på draumenyheita ville vore:
– «Okkupasjonen er over – Palestina er fritt!»
Karpe og pannekaker
På fritida er Sara Ude Hasle veldig glad i å lage mat, og ho brukar mykje tid på kjøkkenet.
– Viss ikkje spelar eg elgitar eller Minecraft.
TikTok er den største tidstjuven, men kan også brukast til nyttige ting.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Politisk kvarter kvar morgon, lese over NRK og Aftenposten, og skrolle på nyheitssidene på TikTok.
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?
– I 2020 var eg i Karpe sitt hus i Skien og fekk servert min livrett: pannekaker eller risgraut (eg fekk begge). Så eg ville nok hatt Magdi og Chirag på middag og servert det same. Har SÅ lyst til å vite kva som skjer oppi hovuda deira.

– Kva for ei bok burde alle lese?
– Listhaugs metode av Magnus Marsdal. Eg synest retorikk er sjukt spennande, og denne tek opp korleis høgresida brukar ein viss type retorikk.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Heimebane, den ser eg jamleg.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Lush Life av Zara Larsson.










