Haaland klyper seg i armen – dette er Noregs veg vidare i VM

Braut Haaland synest det er uverkeleg å vere i det selskapet han er i. Han må sjekke at han ikkje drøymer.

NTB-NPK
Publisert

– Det er litt surrealistisk å vere her med dei aller største spelarane. Eg har aldri drøymt om dette. Eg ønskjer jo å prestere i VM, men å skåre sju mål for Noreg, er ganske spesielt og uverkeleg, sa han etter 2-1-sigeren over Brasil.

Åttedelsfinalen søndag set den legendariske kampen i 1998 heilt i skuggen, ettersom det denne gongen var liv eller død for begge laga. Kampen for 28 år sidan var eit oppgjer Brasil hadde råd til å tape. Denne gongen spelte brasilianarane for mykje meir enn ære, og dei vart slått likevel.

– Det er vanskeleg å setje ord på det eg kjenner. Det er uverkeleg. Eg må klype meg i armen nokre gonger, sa Haaland.

Etter å ha vorte kåra til kampens spelar var han forplikta til å møte i intervjusona for skrivande medium, men det tok tid. Då han nådde dit, var det over to timar sidan kampen vart blåsen av, og han hadde vore gjennom tallause intervju med rettshavarar.

Dei fleste brasilianske spelarane hadde akkurat gått gjennom intervjusona utan å stoppe, men Vinicius Junior gav han ein gratulasjonsklem før han forsvann ut.

Fire vinnarmål

Haalands to mål søndag gjer at han har skåra sju mål på dei fire VM-kampane han har spelt: To mot Irak, to mot Senegal, eitt mot Elfenbeinskysten og to mot Brasil. Han vart matchvinnar i alle fire kampar.

Kampen søndag var hans 100. i norsk landslagstrøye. Han skåra 30 mål på 46 aldersbestemde landskampar og har no skåra 62 mål på 54 A-landskampar.

Etter kampen søndag er han VMs toppskårar saman med Lionel Messi og Kylian Mbappé. Alle tre står med sju mål. Harry Kane, som er på motsett banehalvdel i kvartfinalen i Miami Gardens laurdag, er nærast dei med fem.

Vegen vidare

Dette er Noregs veg vidare i VM:

* 11. juli: Kvartfinale mot England i Miami Gardens, Florida (23.00)

* 15. juli: Semifinale mot Argentina, Egypt, Sveits eller Colombia i Atlanta, Georgia (21.00)

* 18./19. juli: Finale i East Rutherford 19/7 (21.00) eller bronsekamp i Miami Gardens 18/7 (23.00).

Moglege motstandarar i finale/bronsekamp er alle lag på motsett side av sluttspelstreet: Frankrike, Marokko, Portugal, Spania, USA og Belgia.