Ei god bok kjennest naudsynt, meiner forfattar Birger Emanuelsen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Birger Emanuelsen har fått fornya merksemd for 2025-boka Odysseen, som både Sophie Elise og statsminister Jonas Gahr Støre har løfta fram som ein favoritt i det siste. Ein av dei to kalla dessutan Emanuelsen for «Norges kjekkeste forfatter?».

Odysseen skal no bli filmatisert av produsenten bak Makta og Heimebane. (Må ikkje forvekslast med sommarens storfilm etter Homers episke dikt med same namn).

Om ei anna av bøkene hans skulle bli filmatisert, ville han ha valt debutromanen Fra jorden roper blodet, skriv Emanuelsen på e-post til Framtida.

– Den trur eg hadde gjort seg veldig bra som film. Og hovudrolla, Tallak Nybuen, kunne vore spelt av Viggo Mortensen.

Freista av brennevin

Emanuelsen fortel at han las mykje då han var liten. Det gjekk i Barnas bibel, Mitt skattekammer, Roald Dahl og Gyldendals Gode Guttebøker.

Foto: Skjermdump frå Instagram/sophieelise

– Og mykje Donald! Det var mamma som las for meg, og fekk meg til å tru at det å lese bøker var noko heilt naturleg, fortel han.

Pan av Knut Hamsun og Naiv Super av Erlend Loe gjorde inntrykk på Emanuelsen i tenåra. Det gjorde også Ernest Hemingway. I boka Klokkene ringer for deg hadde han lese om det italienske brennevinet grappa, og Emanuelsen minnest at han sneik seg inn på Vinmonopolet for å kjøpe grappa.

– Då ekspeditøren spurte kva slags type eg ville ha, svarte eg: italiensk.

Dilla på antropologi

Forfattaren fortel at han les mykje for borna sine – Ringenes herre for den eldste sonen og Dustene for den yngste.

– Dottera vår les mest sjølv. Men eg får lov til å komme inn og synge for ho når ho er ferdig.

Sjølv les han mest romanar og sakprosa. Han prøver å lese eit par bøker i veka, så det blir rett over hundre i året.

– Eg les mange bøker samstundes, blar litt her og der, og plar alltid svinge innom Lions-hylla på nærbutikken for å sjå om det er noko interessant som står der, fortel han.

Dei siste åra har han fått ei dille på bøker skrivne av antropologar.

– Og så les eg ein del poesi, eg prøver å lese dei nye norske poetane.

Naudsynte bøker

Forfattaren les over alt, men ligg mykje i ei day bed på kjøkenet. På nattbordet ligg Å skyte en elefant og andre essay av George Orwell, og nokre Donald-pocketbøker.

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Dei kjennest naudsynte, på eit utal ulike måtar.

Boka han gjerne sjølv skulle ha skrive, er Post Office av Charles Bukowski.

– Eg meiner han skreiv den på tre veker. I og med at eg no sit og ser sommarferien forsvinne i manusarbeid, skulle eg gjerne hatt hans tempo.

Middag med sanning

Emanuelsen kjenner seg mest igjen i bokkarakterar som strever med å vere eit godt menneske.

– Dostojevskijs karakterar var nok den første store augeopnaren her.

Dostojevskij er også den forfattaren han hadde valt om han berre kunne lese bøker frå éin forfattar resten av livet.

– Kva forfattar meiner du er undervurdert?

– Han er jo ikkje undervurdert, for dei som les han, forstår kor god han er. Men Dan Aleksander Andersen er ein forfattar fleire burde lese.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Sylvia Plath! Viss ein skal invitere nokon på middag, kvifor ikkje nokon som ville sagt noko sant?

Birger Emanuelsen ville gjerne ha spist ein sannferdig middag med Sylvia Plath. | Foto: Associated Press - The Boston Globe, Public Domain