Suel Kassembo får returnere til Sunnmøre

Suel Kassembo, som i lang tid har opphalde seg ulovleg i ei kyrkje i Herøy, får reisa tilbake til bygda. Han må framleis melda seg for politiet kvar veke.

NPK-NTB
Publisert

Kassembo har måtta opphalda seg i Oslo for å jamleg melda seg for politiet, men kan no dra tilbake til Herøy, skriv NRK.

Han har opphalde seg ulovleg i Noreg i nesten 20 år og er den einaste kjende kyrkjeasylanten i landet.

– Eg har hatt det fint, men likevel veldig tøft i Oslo. Eg har budd fint, men eg gler meg no til å komma heim til mine, seier han til NRK.

Politiets utlendingseining opplyste for fire veker sidan at han måtte bu på Austlandet fordi politiet trong å undersøkja saka nærare.

– Suel har i denne perioden samarbeidd med politiet og hatt fleire samtalar med politiet. Det er ikkje gitt ei konkret grunngjeving for kvifor han no kan bu på Sunnmøre i sommar, seier Kassembos advokat, André Møkkelgjerd, til NRK.

Han må framleis melda seg for politiet der kvar veke.

Suel Kassembo er varig utvist frå landet og har heile vegen sagt at han er frå Burundi. Norske styresmakter ønskte å senda han tilbake dit, men landet nekta å ta imot han. I starten av juni vart han henta av politiet for å bli send ut av landet.