Lettare å klaga på biverknadar

Ein halv million nordmenn har fått biverknadar av kosmetiske produkt. No oppretter styresmaktene eit nytt klagesystem.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet og Folkehelseinstituttet (FHI) oppretta allereie i 2008 eit register for biverknadar ved bruk av kosmetiske produkt som helsepersonell har meldeplikt til. Registeret har derimot berre mottatt mellom 50 og 100 meldingar årleg, skriv VG.

LES OGSÅ: Åtvarar mot aluminium i antiperspirant

Derfor skal det no bli enklare å melde frå om biverknadar via eit eige skjema på Altinn, og rapporteringa skal vere anonym. Det blir også mogleg å rapportere inn biverknadar på vegner av andre.

– Vi har allereie eit eksempel på enkeltprodukt der vi har informert Mattilsynet om at dei bør følgje opp produktet med leverandøren. Det kan då bli snakk om å endre formuleringa av produktet, eller rett og slett trekke det tilbake frå marknaden, seier seniorforskar Berit Granum ved FHI. (©NPK)