SU vil forby KI-briller: – Folk skal ikkje vere redde for folk med briller på stranda
SU-leiar Audun Hammer Hovda seier nei takk til Metas kamerabriller.
Tysdag seier SV-leiar Kirsti Bergstø til VG at ho vil forby smartbrillene frå Meta. Brillene har innebygd kamera, mikrofon og KI-assistent, og SV-leiaren fryktar ei masseovervaking, og at folk kan bli filma utan å vite eller samtykke til det.
Meta lanserte nettopp nye briller, mellom anna i samarbeid med influensar Kylie Jenner.
Avtroppande leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda stiller seg bak bekymringa til moderpartiet. Han meiner det er nettopp den allmenne utforminga av teknologien som utgjer eit problem.
– Eg har ikkje lyst til at folk skal vere redde for at det går folk med briller på stranda, seier han på telefon til Framtida.
– Før har det vore mykje meir synleg når ein blir teke bilete av eller filma, men med desse brillene er det ganske godt gøymt. Det kan vere ubehageleg.
SU har landsmøte denne helga, og der skal dei vedta eit politisk program om demokratisering av økonomi og teknologi, opplyser leiaren.
– Vi må sette nokre grenser for teknologien for å ta omsyn til det store fleirtalet. At folk skal gå rundt med kamera i ansiktet, bidreg til ei utvikling som vi ikkje ønsker oss, seier han.
- Les også: Populære smartbriller trugar privatlivet
Stor datainnsamling
Hovda meiner Meta-brillene byr på personvernsutfordringar på fleire frontar. For det første opnar altså brillene for skjult filming på ein mykje meir diskré måte enn å filme med mobilen.
Men brillene får også konsekvensar for personvernet til dei som brukar brillene, påpeiker han.
– Det trur eg ikkje så mange tenker nøye gjennom. I praksis lastar ein opp alt ein ser og gjer, som kan brukast på mange ulike måtar. Den enorme datainnsamlinga som dei store tek-selskapa er avhengige av, ser ikkje ut til å ha nokon ende, seier SU-leiaren.
– Finst strenge lover
Nicolai Østeby, leiar i Unge Høgre, er på si side negativ til å forby smartbriller.
– Å forby alt som kan utgjere ein trussel mot personvernet, er nok ikkje vegen å gå, skriv han i ein e-post til Framtida.
– Men vi bør ha ein open diskusjon om korleis vi sikrar folks privatliv i møte med stadig meir avansert teknologi, legg han til.
Østeby understrekar at det er ugreitt å filme andre utan at dei er klar over det og har gitt samtykke til det. Han meiner det særleg gjeld for born.
– Heldigvis har vi strenge lover i Noreg som skal beskytte oss mot det, skriv Unge Høgre-leiaren.
– Politikarane sin jobb
Hovda i SU meiner politikarane er nøydde til å sette grenser for ny teknologi.
– Ein skal ikkje automatisk vere imot alt som kjem, og ting må vurderast nøye. Det finst mykje god teknologisk utvikling, og eg er heilt sikker på at dette produktet – eller noko som liknar – kan ha gode bruksområde, til dømes for folk som er svaksynte eller treng hjelpemiddel. Det kan ein alltid finne unntak for, seier han.
– Men ein må også sette nokre generelle retningsliner for å beskytte samfunnet i det store og heile.
Hovda meiner mange byrjar å vakne og sjå samfunnsutfordringane som følger den teknologiske utviklinga.
– Det er politikarane sin jobb å peike ut ei retning og vise kva samfunn ein ønsker seg, og ha ein tanke om korleis teknologien påverkar samfunnet. Dette, og mange andre debattar om temaet, er gode eksempel på nettopp dette, seier Hovda.








