Alva (13) vart «mini-Haaland» på VM-tribunen – plutseleg gjekk ho viralt

Då Alva Erichsen Brataas dukka opp på tribunen under VM med blondt hår samla i ein stram hestehale og Haaland-drakt, var det få som ante at ho snart skulle gå viralt på sosiale medium som «mini-Haaland».

Janne Nerheim
Publisert

Denne artikkelen vart først publisert hos søsteravisa vår Framtida Junior.

I kvardagen bur Alva på Oppsal i Oslo og skal byrja på ungdomsskulen til hausten. Ho elskar fotball og brukar mykje av fritida si på banen.

– Eg har spelt fotball sidan første klasse og speler no på Oppsal J2013 og trenar også med Oppsal J2011. Eg har også fått spela nokre kampar med 2011. Eg speler fotball nesten kvar dag og har eit fantastisk trenarteam og lagvenninner! skriv ho til Framtida.

På audition for å bli Haaland-lookalike

Heile VM-eventyret byrja med ei utlysing etter personar som likna på Erling Braut Haaland.

– Det heile byrja med at eg svarte på ein castingcall frå Arkivet Casting, der dei søkte etter Haaland-lookalikes. Deretter fekk eg koma på audition og enda til slutt med å bli med i reklamefilmen for Nike. Ei veke etterpå vart eg invitert av Nike til å koma til Boston. Det var fleire kjende profilar (og meg) som kledde oss ut som Haaland og gjorde eit stunt under sjølve kampen på Boston Stadium. Channing Tatum var også med, kledd ut som Haaland. I tillegg kom også iShowSpeed.

Stuntet var ein del av Nikes reklamekampanje «Rip the Script» under VM. Der speler den amerikanske skodespelaren Channing Tatum ein bodydouble for Erling Braut Haaland.

– Me var 15 som var Haaland-lookalikes, alle vaksne gutar. Eg var det einaste barnet og den einaste jenta!

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Alva (@alva_eb)

Slik vart ho «mini-Haaland»

Ein annan som var med på stuntet, var YouTubaren iShowSpeed. Han er ein av verdas mest kjende innhaldsskaparar på YouTube og lagar videoar om mellom anna fotball og dataspel.

Det var han som gav Alva kallenamnet ho no er blitt kjend under.

– Gutane me var saman med, sa til iShowSpeed at han måtte helsa på mini-Haaland, så då kalla iShowSpeed meg det, og så har det gått litt viralt at eg er mini-Haaland. Det er veldig gøy!

På stadion var det mange som la merke til gjengen som var kledd ut som Haaland.

– Det største var vel at Haaland vinka til oss frå banen, men det har også vore veldig gøy å gå til og frå kampen fordi mange ville ta bilete av oss. Me fekk veldig mykje merksemd då alle likna på Haaland med parykkar og full fotballbekledning.

Seinare dukka gjengen også opp på Haaland sin eigen Instagram-konto.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Erling Braut Haaland (@erling)

– Eg veit ikkje om han har fått med seg mini-Haaland akkurat, men han har fått med seg stuntet og lagt ut eit bilete på Instagramen sin av oss. Der kom eg også med. Det er jo ganske så gøy!

Ein bursdag ho seint vil gløyma

Turen til Boston varte berre nokre dagar, men vart ei oppleving Alva kjem til å hugsa lenge.

– Eg vart 13 år den 26. juni, same dag som me såg Noreg mot Frankrike i Boston. Så eg har hatt ein heilt fantastisk bursdag i år!

– Me var i Boston frå 24. til 28. juni. Me kom heim i forgårs, så det blir ikkje fleire kampar i USA. Dei andre kampane har eg fått lov å sjå midt på natta heime saman med familien. Det har også vore veldig gøy!

Har tru på Noreg

– Å få dra og sjå Noreg på ekte mot Frankrike var stort. Sjølv om Haaland ikkje spelte, så såg me han jo likevel. Andre spelarar eg synest er kule er mellom anna Ødegaard, Nusa og Mbappé.

Neste kamp ser ho framfor TV-en heime saman med familien.

– Sjølvsagt! Den blir på TV med familien!

Og hadde ho fått velja sjølv, skulle reisa gjerne vart litt lenger.

– Skulle gjerne ha vore igjen og sett alle kampane, men er veldig fornøgd med å få sett Noreg mot Frankrike i Boston!

Ho håpar at Noreg tek seg vidare.

– Eg trur det blir ein jamn kamp. Me skal ikkje gløyma at Elfenbeinskysten har eit godt fotballag, men klarer me å halda forsvaret og Haaland er på, så kan me klara å vinna. Eg håpar verkeleg at Noreg vinn!

No ventar Gothia Cup

Etter VM-opplevinga har videoane frå stuntet spreidd seg raskt på nettet.

– Stuntet har gått viralt og er over alle sosiale medium. Eg har ei eiga Instagram-side der eg la ut ein film av meg og Channing Tatum som speler stein-saks-papir, som har fått over 48 000 likes og er sett over 1,6 millionar gonger. Heile opplevinga er nesten uverkeleg! Det har vore ein fantastisk tur med den kulaste gjengen i verda!

No er det sommarferie, men fotballferien blir ikkje lang.

– Det har ikkje vore så mykje fotballspeling på meg dei siste dagane, så no skal eg tilbake på løkka og spela fotball, og varma opp til at fotballaget mitt, Oppsal J13, skal på Gothia Cup! Litt av ein fotballsommar på meg i år!

Noreg spelar VM-kamp i kveld! Klokka 19.00 møter Noreg Elfenbeinskysten i 16.-delsfinale i VM. Vinnaren går vidare til åttedelsfinalen. Kampen blir sendt direkte på TV 2.