Miljøorganisasjonar politimelder Nordic Mining
Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Norske lakseelver har meldt gruveselskapet Nordic Mining til Økokrim for ulovleg dumping av gruveavfall i Førdefjorden.
Meldinga kjem etter at Høgsterett 17. juni slo fast at løyvet til å dumpa gruveavfall i fjorden er ulovleg, men at Nordic Mining likevel held fram dumpinga.
– Me ser svært alvorleg på at ein av dei rikaste fjordane i landet no blir forureina, sjølv om Høgsterett har slått fast at det er ulovleg. Når ikkje vår høgaste rettsinstans blir respektert, er det ei sak for politiet, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.
Etter dommen frå Høgsterett skal staten gjera ei ny vurdering av saka. Regjeringa meiner at Nordic Mining kan halda fram drifta og deponeringa av gruveavfall i Førdefjorden inntil vidare.
Klima- og miljødepartementet gav i 2015 løyve til gruvedrift i Engebøfjellet, inkludert deponering av gruveavfall i Førdefjorden.
Nordic Mining planlegg å dumpa opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden dei kommande 50 åra. Ifølgje fleire rapportar vil dette føra til store skadar på livet i fjorden.
Miljøorganisasjonane tok i november 2022 ut søksmål mot staten med krav om at vedtaket om løyva til utslepp skulle kjennast ugyldig.
Oslo tingrett gav staten medhald, men Borgarting lagmannsrett gav miljøorganisasjonane medhald.
Eftas overvakingsorgan, Esa, opna formelt sak mot Noreg om vassdirektivet med bakgrunn i Førdefjorden-saka 23. april i år.






