Pride 2026: – Det må vere lov å vere seg sjølv
Kva betyr pride for den enkelte, og korleis skal folk feire i helga? Framtida har spurt nokre av dei som markerer høvet.
– Det betyr moglegheita til å vere seg sjølv, kjærleik, og at vi omfamnar alle uansett kultur og religion. Kjærleik er kjærleik. Det er pride for meg, seier Luna Amarna Thijm (28).
Ho er på veg inn i Pride Park i Oslo saman med venninna Dina Nordberg (22). For Luna er det utruleg viktig at alle kan føle seg velkomne på pride, og at dei har solidaritet med andre.
– Og at vi backar minoritetsgrupper, spesielt i det skeive miljøet, legg ho til.
Det er venninna Dina einig i.
– Du skjønar ikkje kor mykje det betyr for ein person som føler seg annleis, det betyr alt. Å berre bli akseptert, seier Dina.
Tog og feiring
I godt over femti år har skeive rundt om i verda samla seg i juni for å demonstrere for, vise fram og feire mangfaldet i kjønn og seksualitet.
Framtida.no har teke ein tur i Oslo i forkant av pridefeiringa i helga, for å høyre korleis folk skal markere og kva pride betyr for dei.
Dina meiner pride er viktig for å sørgje for at folk ikkje er redde for å uttrykke kven dei er.
– Det handlar om at det må vere lov å vere seg sjølv, seier ho.
Dei to skal feire gjennom helga, og har planane klare.
– Vi skal feire med å vere i Pride Park, vi skal på masse LHBTQ-arrangement, og så … Skal du gå i toget? spør Dina venninna.
– Sjølvsagt skal eg gå i toget!
Å uttrykke seg sjølv
– For meg er det ei moglegheit til å vise alle kven du er og kven du elskar, seier Amelia Oukili Thongmee (15).
Saman med venen Liv Michetti Nordland (14), har dei to sett opp eit bord eit lite stykke unna køen til parken. Der har dei både perla og hekla varer i alle fargene til regnbogen.
– For meg er det eigentleg ein dag for å feire kven ein er og for å uttrykke sin eigen identitet, seier Liv Michetti Nordland.
Dei er begge trans, og synest pride er eit godt høve til å vise seg fram og vere stolte av kven dei er.
Før feiringa fann dei ut at dei ville tene litt pengar, og difor ordna dei seg eit lite salsbord, ganske strategisk i nærleiken av der noko av hovudfeiringa skal føregå.
– Eg skal sjå på paraden med nokre venar. Eg skal ikkje gå i paraden, men vi kjem til å kle oss ut, og gå slik vi vil, fortel Amelia.
Det er også planen til Liv.
– Eg skal sjå paraden med nokre venar, og eigentleg berre ha det gøy. Kanskje kle oss opp i fine og gøye klede, og berre gå rundt.
Betyr meir no
– No betyr det veldig mykje for meg, fortel Henning Wien (40) når Framtida møter han inne i parken.
Han skal markere pride ved å henge i parken, der han synest mykje av det artigaste skjer. I dag har han eit anna forhold til pride enn då han var yngre.
– Då eg var ung kjente eg ikkje at eg hadde same behovet, men det var før eg sette meg inn i kva pride står for. No er det veldig viktig for meg.
Og planen for helga er klar:
– Å møte folk, møte venar og ha det gøy.











