Samlar verda på Falturiltu
Etiopisk skulderdans møter norsk gangar under Falturiltu, verdas einaste nynorske barnebokfestival.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fargespill er ei eksplosiv og sterk førestilling presentert av barn og ungdom frå heile verda, inkludert Noreg. Det er eit nært, musikalsk møte med unge menneske si historie om kven dei er og kvar dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans frå deira respektive land, skriv festivalen Falturiltu i ei pressemelding.
Fargespill har vore aktive sidan 2004, og hadde si første førestilling under Festspillene i Bergen. Sidan den gong har det utvikla seg til ei rekke multietniske musikalske møter på Vestlandet og elles i landet, opplyser Fargespill på si Facebook-side.
Framsyninga på Falturiltu er også den siste førestillinga til Fargespill, skriv dei på same Facebook-side.
Falturiltu har mottoet fart og sjølvtillit i år, og årets festivalforfattar er Maria Parr.
LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland