Mia (21) har samla inn over 1,6 millionar til pride i skulen

Spleisen vart starta som ein motreaksjon til Kristent ressurssenter si innsamling mot «pride-tvang» i skular og barnehagar.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg må berre le, og det er positiv latter. Eg er heilt tom for ord, og eg synest det er heilt fantastisk, seier Mia Navestad Haugland (21).

Lærarstudenten sin spleis «Ja til pride i skolen» har bikka 1,3 millionar kroner når Framtida.no ringer ho opp, og beløpet held fram med å stige. I skrivande stund er det donert over 1,6 millionar kroner.

– Eg synest det viser at kjærleiken vinn, legg ho til.

Advokathjelp for å stoppe pride i skulen

Innsamlinga er ein motreaksjon til Kristent ressurssenter sin spleis «Stopp pride tvang i skoler og barnehagar», som vart oppretta førre veke. Ressurssenteret skriv på spleisen at pengane går til advokatar for foreldre som ikkje vil at barna deira skal bli eksponert for pride i skulesamanheng.

I skrivande stund har dei samla inn over éin million kroner. Overskotet etter advokatbistand går til Kristent ressurssenter sine prosjekt Stoppride.no og Skeivteori.no.

Ein skule på Karmøy har allereie blitt kontakta av ein advokat for å stanse at det blir heist regnbogeflagg, skriv TV 2. Kristent ressurssenter seier til kanalen at dei ventar fleire slike saker framover.

Glad for mange givarar

Då Haugland såg dette, reagerte ho kraftig. For litt over ei veke sidan delte ho at ho støtta regnbogeflagg i skulen i ein i ein video på TikTok-kanalen sin, der ho har over 50 000 følgjarar. Etter det vart ho tagga mange gonger i videoar om innsamlinga til Kristent ressurssenter. Då forventa ho at nokon kom til å starte ein motspleis, og gjekk i ei veke og sjekka fleire gonger om dagen om det hadde skjedd.

– Så tenkte eg til slutt, okay, eg får gjere det eg, så starta eg den, seier Haugland.

Spleisen opna laurdag kveld, og pengane skal gå til Foreningen Fri, for å hjelpe dei med å betre pride-kompetansen i skulen. Dei vart mottakaren etter Haugland hadde rådført seg med følgjarane sine, og undersøkt kva arbeidet deira går ut på.

Det originale målet var 20 000 kroner.

– Eg var veldig redd for at vi ikkje skulle nå det målet, fortel ho.

Den enorme pengesummen er likevel ikkje det ho er mest glad for, men kor mange som har donert, samanlikna med dei litt over 2000 personane som har donert til Kristent ressurssenter. Spleisen til Haugland har bikka over 8300 givarar.

– I spleisen min er det vanlege folk som ikkje har så mykje, men som gir det dei har moglegheit til å gi, og det synest eg er så rørande.

Skal danne i tillegg til å utdanne

Haugland er nettopp ferdig med sitt tredje år som lærarstudent. Ho tek master i engelsk, og får i tillegg undervisningskompetanse i norsk, matematikk, og kunst og handverk. Ho meiner kjerneverdiane i pride er mangfald, kjærleik, respekt og likestilling, og at dette er verdiar ein skal ta med inn i klasserommet.

Mia Navestad Haugland er ein lærarstudent som skal starte på sitt fjerde år på studiet etter sommaren. | Foto: Privat

– Eg som lærar er heilt open for at det er lov til å ha forskjellige meiningar. Så lenge vi respekterer kvarandre sine meiningar, så er det det som er viktig.

Ho vektlegg at jobben hennar som lærar både handlar om å utdanne i fag, og å danne menneske i samfunnet.

– Det er viktig at vi skaper denne openheita og respekten for dei rundt oss, for i samfunnet vårt er det ingen som er like. Vi må lære elevane våre at det finst forskjellige menneske og at alle er like gode uansett kva dei meiner og kva dei trur på.

Vil forsvare rettane til foreldre og elevar

Truls Olufsen-Mehus er styreleiar og prosjektleiar i Kristent ressurssenter, og er den som har oppretta spleisen deira. Han vektlegg at pengane frå spleisen skal gå til å ta vare på rettane til elevar og foreldre som ikkje vil ta del i pride-markeringar i skulesamanheng.

Truls Olufsen-Mehus er styreleiar og prosjektleiar i Kristen ressurssenter. | Foto: Privat

Olufsen-Mehus hevdar at det er fleire skular som ikkje gir fritak og har eit alternativt opplegg for desse elevane.

– Årsaka er at dei seier pride-markering er i tråd med og innanfor kompetansemåla, men pride er jo ikkje nemnd i kompetansemåla, og heller ikkje noko regnbogeflagg eller liknande markering. Då tolkar skulen mangfald i kompetansemåla altfor vidt, seier han på telefon til Framtida.

Utdanningsdiretkoratet har ein eigen artikkel på sida si om korleis pride kan brukast i undervisninga.

Olufsen-Mehus koplar pride-markering til det politiske arbeidet til Foreningen Fri, og meiner det då ikkje kan påleggast i skulen.

Tvungen pride

Styreleiaren seier dei har registrert motspleisen som er oppretta.

– Vår spleis er laga for å ivareta rettar til foreldre og elevar, som rett til fritak og alternativt opplegg i skulen. Når det kjem ein motspleis, betyr det då at «Nei, vi vil ikkje at elevar og foreldre skal ha fritaksrett i tvungen pride-markering»? Det stiller eg meg overraska til.

Mia Navestad Haugland seier ho sjølv er oppteken av å ta vare på elevar og foreldre sine rettar.

– Så vi kjempar for det same, men på forskjellige måtar, seier ho.

– Eg meiner at vår måte er via inkludering og den andre måten er ekskludering.

Det er ikkje Olufsen-Mehus samd i.

– Nei, men det er motsett. Det er dei som vil presse elevar og foreldre til å gjennomføre tvungen pride-markering i skulen, og det er dei som legg press. Vi berre sikrar oss retten til fritak frå det, seier han.

Tusenvis av kommentarar

Spleisane har fått mykje merksemd, og Haugland sin har blitt delt av fleire kjendisar, blant anna Leah Behn og Ramón.

Haugland fortel også at ho har fått mange positive tilbakemeldingar på tiltaket, både i kommentarar og i personlege meldingar. Nokre av dei set ho set ekstra pris på:

– Ein ting er å høyre frå lærarar som er ferdig utdanna, men så synest eg det er noko ekstra spesielt å høyre det frå faktiske lærarstudentar som står på same stad som meg.

Ho trur responsen har vore cirka 90 prosent positiv, og prøver å setje seg ned og svare dei tusenvis som har sendt melding på ein skikkeleg måte. Det er også noko negativt, og ho fortel at ein video ho filma før intervjuet var eit svar til nokon som har kalla ho satanist fleire gonger.

– Det er mykje rart, men det er så mykje kjærleik at eg klarer ikkje å la noko av det negative gå inn på meg. Eg er overvelda av kjærleik.