Populære smartbriller trugar privatlivet
Smartbriller er på nytt blitt veldig populært. Samstundes kan bruken av slike smartbriller gjere at menneske blir filma og teke bilde av utan å vite det.
Denne artikkelen er skrive av søsteravisa vår Framtida junior.
Det finst fleire ulike smartbriller på marknaden, men Meta har den mest populære varianten. Meta sine smartbriller liknar i stor grad vanlege briller av merket Ray Ban.
Det som gjer brillene smarte er at dei har høgtalarar i brillestengene, at ein kan sjå informasjon i brilleglasa, og ikkje minst at dei har kamera på sidene av glasa.
Brukarane av brillene kan ta bilde og video med kameraa, ved å trykke forsiktig på sida av brillene. På den måten kan menneske med desse brillene i stor grad ta bilde av og filme andre personar utan at dei veit det.
Personvern blir ikkje tatt vare på
No viser det seg at den auka populariteten til smartbriller byr på utfordringar for personvernet, på grunn av kamerafunksjonen på brillene, skriv BBC.
Personvernutfordringane viser seg mellom anna gjennom sosiale medium, der bilde og videoar av menneske teke utan at dei veit det, blir publiserte. Dette er gjerne menneske i sårbare situasjonar, som til dømes frå stranda der dei er lettkledde.
Er det forsvarleg med slike briller?
Meta rår sjølv kjøparar av smartbrillene til å ikkje filme eller ta bilde av menneske som ikkje vil det. Dei rår også til å slå brillene heilt av i sensitive rom, slik som på toalett og i garderobar. I tillegg kan ein skjøne om ein blir teke bilde av eller filma ved at eit lite ljos lyser på brillene, når dei fotograferer eller filmar.
Likevel meiner ekspertar at den store og aukande bruken av smartbriller fører til og vil føre til inntrenging i privatliv.
Meta planlegg også å legge til ein KI-funksjon i brillene sine, som skal gjere at ein kan identifisere menneske ein ser rundt seg i samfunnet. Dette vil gjere det enda meir utfordrande å ta vare på personvernet.







