Nye vilkår frå PlayStation skaper reaksjonar: – Eit sjokk for mange

I april skapte dei nye retningslinjene til PlayStation kaos blant gamarar. Hos andre blei dei ei oppvakning.

Hedda Aurdal
Publisert

– Min første tanke var at dette kan ikkje stemme. Min andre tanke var at no får dette meir merksemd, seier Stian Henriksen (27).

Han er redaksjonsleiar for radioprogrammet Snålt Snop og Spill på Radio Nova, studentradioen i Oslo. Då han såg dei nye vilkåra til PlayStation, sperra han opp auga.

– Eg tenkte at her er det noko rart, fortel Henriksen.

I midten av april blei PlayStation sine nye retningslinjer kjende. Nokre av hovudpunkta er:

  • Informasjonen du gir til PlayStation må vere korrekt
  • Du kan ikkje selje vidare, endre eller overføre innhald
  • Sony Interactive Entertainment (PlayStation) kan når som helst fjerne eller forandre innhald.

Dei spesifiserer òg at du ikkje kjøper eigarskap over spela dine, men ein personleg lisens til å spele det.

I tillegg såg det ut til at gamarar måtte logge konsollen sin på internett kvar 30. dag for å fornye lisensen dei har kjøpt til å spele spelet. Dette har sidan blitt avkrefta av Sony.

Mista tilgang

At det no kjem tydeleg fram at gamarar ikkje eig spel frå PlayStation-butikken, berre ein lisens som gir tilgang på spelet, får fleire til å reagere.

– Eg trur det var eit sjokk for mange. Det viser til ein gradvis overgang til at vi ikkje lenger eig spela våre, seier Henriksen.

Redaksjonsleiaren har sjølv opplevd å miste tilgang på eit spel han hadde kjøpt. I 2016 kjøpte han helteskytespelet Battleborn. Spelet hadde onlinearenaer der fleire gamarar kunne spele saman. Det var ein av grunnane til at Henriksen kjøpte spelet, men i januar 2021 skrudde produsentane av spelet permanent.

Med det mista Henriksen tilgang på spelet, trass i at han hadde ein fysisk disk å sette i konsollen sin og at spelet hadde ein einspelar-funksjon.

– I dag er ofte den fysiske cd-en du får kjøpt i butikkane berre ein nøkkel, så spelet ligg ikkje nødvendigvis på disken.

Ross Scott er ein amerikansk youtube-ar og aktivist for bevaring av dataspel. I 2024 starta han initiativet Stop Killing Games. | Illustrasjonsfoto via Canva

Ikkje berre gale

PlayStation har vore Henriksen sin favorittkonsoll sidan han begynte med gaming. Det var spelet Bioshock Infinite som opna auga hans for at dataspel òg er kunst.

– Det er vel det som er hjartesaka til Stop Killing Games. Dei ønsker at alle spel skal fungere utan internett. At om ein server som støttar eit spel blir skrudd av, så kan ein framleis spele sin kopi av spelet og ta vare på kunsten, fortel han.

Henriksen seier vidare at når spel krev ei kopling som alltid er på nett, handlar det som regel om pengar. Ofte er det òg slik at spel som blir destruerte ikkje lenger genererer nok profitt for produsentane.

– I Snålt Snop og Spill er vi opptekne av å bevare fysiske spel, men det er viktig å seie at digitale spel har sine gode. Mange indie-spel kjem ikkje ut som ein fysisk kopi fordi mindre skaparar ikkje har pengar til det. Då er det fint å kunne støtte dei med digitale kjøp, seier Henriksen.

Henriksen meiner det er viktig å støtte uavhengige spelskaparar. | Foto: Hedda Aurdal

Merknad: Artikkelforfattar er tilknytt eit anna program i Radio Nova, men er ikkje involvert i Snålt snop og spill.