Singapore innfører «spanskrøyr» som straff for mobbing
Nye reglar i skulesystemet i Singapore opnar for å slå gutar eldre enn ni år med stokk, såkalla spanskrøyr.
Gutar i skulen som mobbar andre, også på nett, kan no bli slått opp til tre gongar med stokk som ein «siste utveg» i Singapore. Det skriv The Guardian.
Organisasjonar som Unicef er mot fysisk avstraffing mot barn, då det kan vere skadeleg for deira fysiske og psykiske helse.
Utdanningsministeren i Singapore, Desmond Lee, har uttalt at dei berre skal bli slått «om alle andre verkemiddel er utilstrekkelege, ut ifrå alvoret av ugjerninga».
Ifølge ministeren må straffa bli godkjent av rektor, og kan berre utførast av autoriserte lærarar.
Jenter skal ikkje bli slått, og skal i staden måtte sitje igjen og/eller bli utviste, eller få andre skulerelaterte konsekvensar.
Avstraffing med såkalla spanskrøyr er i dag ei lovleg straff for mannlege kriminelle under 50 i Singapore. Det har tidlegare vore lovleg i skulen òg, og blir no innført igjen.
I Noreg har straff med spanskrøyr i skulen vore ulovleg sidan 1936.





