Kristoffer Andreas Olstad trur skamkjensla hindrar folk i å snakke høgt om å ha dårleg råd. Han skulle ønske fleire torde å bruke stemma si.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

20 år gamle Kristoffer Andreas Olstad gjekk til topps i Framtida sin skrivekonkurranse, Noreg i verda, med teksten Det dyraste eg eig, er stemma mi. Teksten kan du lese her.

– Det kjenst utruleg bra! Eg vart litt sett ut, seier Olstad på telefon til Framtida om sigeren.

I teksten peiker Olstad på svakheiter ved norske velferdsstaten, med ei personleg forteljing om korleis hans eigen familie fall frå middelklassen til under fattigdomsgrensa. Samfunnskontrakten er broten, og avstanden veks mellom rike og fattige, hevdar han.

– Eg er ganske glad for at eit så sinna og direkte innlegg kunne vinne konkurransen. Eg hadde mine tvil då eg skreiv teksten, men det betyr at det er på tide å ta ein debatt om klasseskilje. Idéen om at vi er eit samfunn utan klasseskilje byrjar å slå sprekkar, seier han.

Olstad er skule-, arbeid- og bustadansvarleg i AUF i Telemark.

Premiepengane på 1500 kroner skal gå rett på sparekonto til studentlivet.

«Lyden av bekymring»

Juryen meiner teksten til Olstad treffer både i hjartet og mellom øyra.

Les heile grunngjevinga:

Særs god og sjølvstendig tekst som brukar språklege og retoriske verkemiddel på ein god og kreativ måte.

Teksten treffer godt i hjarta med personlege erfaringar, men appellerer minst like mykje til det som sit mellom øyra. Rett og slett eit emosjonelt og retorisk kunststykkje!

«Bekymringsrynkene til mor mi vart djupare. Plutseleg handla ikkje livet om å planleggje framtida, men om å overleve notida. Eg lærte meg lyden av bekymring. Eg lærte meg skamma ved å måtte seie «nei» til ting alle vennene mine sa «ja» til,» skriv han mellom anna i innlegget.

Olstad utdjupar til Framtida at han opplever at samfunnet – og spesielt høgresida – er oppteken av at ein skal vere si eiga lukkes smed, og at det er eins eigen skuld om ein fell ned og blir fattig.

Realiteten, hevdar Olstad, er at folk jobbar sitt hardaste, og framleis klarar dei ikkje å komme seg opp i livet.

– Det er eit enormt feilaktig bilete av korleis strukturane i samfunnet fungerer. Mora mi jobbar drithardt, men samfunnet tillèt henne ikkje å komme seg opp, slår han fast.

Han meiner strukturane i samfunnet øydelegg sjølvtilliten til folk som har lite å rutte med.

– Det er mykje skam. Samfunnet ser på dei som sleipe, late, navarar, byrder for samfunnet, seier han.

Vil normalisere samtalen

Og denne skamma kan vere ukonstruktiv, og hindre folk i å snakke om sin eigen situasjon, trur Olstad.

– Skam og ytringsfridom heng saman. Om du skammar deg, vil du ikkje at folk skal vite om situasjonen din, eller at folk skal tenke noko anna om deg. Det å ytre seg kan ha ein ganske dyr pris, slår han fast.

Han skulle ønske fleire torde å ytre seg om korleis det kjennest å ha dårleg råd.

– Viss fleire hadde ytra seg om dette, hadde det vorte meir normalisert å ta kampen om fattigdom og klasseskilje, seier han.

Sjølv kallar han altså røysta si det dyraste han eig. Han fortel at dei som kjenner han, merkar at han snakkar om erfaringane sine heile tida.

– Eg kan ikkje la vere å snakke om klasseskilje, om kor irriterande desse argumenta frå høgresida er. Vi har eit samfunnsproblem som må løysast, seier han.

Han viser til at 1. mai er ein viktig dag nettopp for kampen mot klasseskilja. Sjølv heldt han appell i Skien på kampdagen i år.

– Det er min fysiske hovudarena til å bruke det våpenet eg har. Det er ein dag kor ein ikkje berre feirar rettane og gratulerer arbeidarane, men kjempar for nye rettar, seier han.

– Det sterkaste våpenet

Olstad seier at han ikkje var flink til å skrive på skulen og ikkje fekk karakterane han ønskte. Det var først då han vart politisk aktiv, og byrja å skrive ned tankar og lage lesarinnlegg om ting han brydde seg om, at han byrja å få meistringskjensle frå skriving.

No kan han ta i bruk skrivinga for å få utløp for det han kjenner på.

– Nokre gonger når eg er frustrert, eller viss eg føler på ein god idé, så set eg meg ned med Google Docs og byrjar å skrive, fortel han.

Mellom anna kan han skrive ned frustrasjon med politikken til Arbeidarpartiet. Som AUF-ar meiner han det er hans rolle å vere ein «maktsjekkar» og eit korrektiv overfor moderpartiet.

Men også overfor omverda meiner han det er viktig å bruke røysta si. Han påpeiker at vi lever i ei verd kor dei rike har mykje av kunnskapen og pengane.

– For ein vanleg person som meg, og alle andre i same samfunnsklasse, er det å bruke ord og stemma si det sterkaste våpenet vi har, seier han.