Vestland satsar på sommarjobb: – Bygger arbeidsmoral
I år som i fjor har Jakob Dalland (18) sommarjobb i husdyrbruket ved Stend vidaregåande skule. Han gler seg over at Vestland fylkeskommune gir moglegheiter til unge.
Stend vidaregåande skule, som mellom anna har ei line i naturbruk, har både kyr, sau og høns som må sjåast til gjennom heile året.
– Det er ein veldig kjekk og variert jobb, seier Jakob Dalland på telefon til Framtida.
Dalland er frå Tysnes, og går på friluftslivslina på Stend i Bergen. Faren hans jobbar på skulen, og broren har også jobba der. Det vart dermed naturleg for Dalland å også sjå seg om etter arbeid på skulen.
– Eg går på skulen her og har ein ok relasjon til dyr, så det var veldig enkelt. Det blei berre sånn, fortel han.
Variert arbeid
I første klasse fekk Dalland jobb som deltidshjelp i husdyrbruket, og då fylkeskommunen lyste ut stillingar som sommarhjelp i fjor, var det naturleg å søke.
Medan arbeidet gjennom året hovudsakleg dreier seg om å mate dyra, er det mykje meir aktivitet om sommaren. Då er det slått, måling, bygging av stall og anna praktisk arbeid – alt mogleg som må gjerast på eit gardsbruk.
– Det er enkelt og gøy arbeid, det er ikkje så mykje som er kjedeleg. Og eg har veldig gode kollegaer, fortel han.
Nyttig erfaring
Dalland har ingen tidlegare erfaring frå gard, og trur heller ikkje at han kjem til å arbeide på gard i framtida. Men arbeidstimane han legg ned i jobben, er nyttige for han også, meiner Dalland.
– Eg får mykje erfaring: Det er mange forskjellige ting å gjere. Eg får mykje kunnskap om forskjellige ting som ein kan ta med seg vidare. Eg synest det er viktig å ha sommarjobb eller jobb, så du kan nyte lite grann òg. Det bygger arbeidsmoral og mange viktige ting, seier han.
– Du vil tene litt pengar òg?
– Ja, er det ikkje difor vi alle jobbar? Eg har nettopp kjøpt meg bil, og lappen var dyr, så det er veldig greitt å ha pengar, seier han.
Dalland synest det er positivt at Vestland fylkeskommune gir sommarjobb til ungdom.
– Dei unge er jo framtida, så det er bra om dei får erfaring frå dei er unge, og at ein ikkje berre tilset dei som har erfaring frå før av, seier han.
Ung satsing
Marcus André Berntzen Askildsen, leiar i ungdomsutvalet i Vestland, gler seg over at fylkeskommunen tilset unge sommarvikarar som er ferske i arbeidslivet.
Fylkeskommunen, som eig Stend vidaregåande skule, har hatt ei særleg satsing på sommarjobb til unge dei to siste åra. Gjennom eit samarbeid med Nav og NHO hadde dei i fjor eit auka fokus på å tilby og å motivere ungdommar til å søke sommarjobb. Det førte til ein auke på 25 prosent i arbeid i fjor sommar.
Ungdomsutvalet i Vestland, det fylkeskommunale ungdomsrådet, plukka opp denne ballen, og i budsjettet for 2026 fekk dei overtala politikarane til å løyve 500 000 kroner til å tilsette fleire ungdommar i sommarjobb.
Askildsen påpeiker at det står om lag 7000 menneske utanfor arbeidslivet i Vestland, og mellom 6000 og 7000 ungdommar går ut av grunnskulen kvart år.
– Om vi kunne tilbydd alle dei ungdommane to veker sommarjobb, hadde det vore nok til ein såpass fin inngang til arbeidslivet – med engasjement og meistring – at dei kanskje vil jobbe resten av livet, seier Askildsen.
I år har kommunane i Vestland tilsett over 750 ungdommar under 18 år i sommarvikariat.
Tidleg innspel
Askildsen er stolt over at ungdomsutvalet fekk gjennomslag for å løyve pengar til fleire sommarjobbar for unge.
– Vi har fått til noko, dei lytta til oss. Dette er eit stort argument for at alle andre fylkesungdomsråd bør ha talerett i fylkesting og i utval, seier han.
Han understrekar at ungdommane må bli høyrde før prosessen er komen for langt. Når ei sak er til behandling i fylkestinget, har som regel politikarane bestemt seg. Det var i fylkesutvalet ungdomsrådet fekk gjennomslag, påpeiker han.
Opnar dører
Askildsen er oppteken av sommarjobb til unge, fordi han meiner det er ein lett inngang til arbeidslivet.
– Som ungdom kan døra til arbeidslivet verke ganske tung, i alle fall om du skal lage ein CV utan noko arbeidserfaring, seier han.
Han understrekar at ein sommarjobb både kan styrke ein CV og gi meistringskjensle. Det kan også føre til vidare arbeid i deltidsjobb eller læreplass.
– Ein lokal sommarjobb skapar også ei tilknyting til heimstaden, meiner han.
Viktig gjennomslag
Askildsen gler seg over at fylkespolitikarane og næringslivet i fylket valde å satse på ungdommane.
Han håpar andre fylke kan la seg inspirere av samarbeidet mellom fylkeskommunen, Nav og NHO. Dei har oppretta ei eiga nettside med sommarjobb for unge, og vender seg målretta mot unge arbeidssøkarar. På nettsida kan ein mellom anna filtrere etter sektor, geografi og om ein er over eller under 18 år.
– Alle ungdomar i Vestland skal vite at det finst tilbod om sommarjobb, like godt som at dei har tilbod på VGS. Det er ikkje ein garanti, men vi vil spreie kunnskapen om moglegheitene som finst, seier Askildsen.









