Har du ei gartnarspire i deg? Her er 5 plantar du kan så i april
Våren er tida for å førebu seg om du vil dyrke grønsaker og blomar i sommar. Då kan ein nemleg så frøa inne.
Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
For at plantar skal bli store, fine og gi gode grønsaker i sommar, løner det seg å så dei på våren. Å så betyr å sette frø i jorda, så det skal spire og bli ei større plante.
Nokre plantar bør ein så allereie i februar, mens andre er det tidsnok å så no i april. I april kan det framleis vere ustabilt ver, og difor er det best å så frøa inne i små behaldarar med jord. Dette heiter forkultivering.
I mai og juni, når frøet har utvikla seg til ei plante, kan du sette ho i jord ute. Anten rett i bakken eller i ei potte. Du må hugse på at ulike planter krev ulikt stell. Til dømes likar nokre planter mykje sol og nokre treng spesielt mykje vatn.
Desse fem plantane er fine å så i april:
1: Salat

Foto: Pixabay
Salat kan du faktisk så fleire gonger gjennom heile sesongen, sidan han veks så fort. I sommar, når du har ete opp salaten du sår no, kan du så nye frø rett i jorda ute.
2: Tomat

Foto: Pixabay
Tomat er det lurast å så i februar og mars, men det er ikkje for seint i april. Ein skal gjerne så tomat omtrent åtte veker før ein plantar dei ut.
3: Brokkoli

Foto: Pixabay
Brokkoli er ein type kål og rekna som den lettaste kåltypen å dyrke. Brokkoli bør plantast inne fem til seks veker før han plantast ut.
4: Solsikke

Foto: Pixabay
Solsikker kan ein så i april, men det er ikkje for seint å så i mai heller. Då kan ein så direkte i jorda ute.
5: Agurk

Foto: Pixabay
I april er tida inne for å så agurk, men det er ikkje for seint i mai heller. Agurkplanta trivst ikkje så godt ute i det norske klimaet. Det er difor best å ha planta i drivhus eller vindaugskarmen.



