Pokémon 30 år:

7 ting du kanskje ikkje visste om Pokemón-universet

Pokémon har no eksistert i 30 år. Framleis drøymer både barn og vaksne seg bort i den fargerike verda med dei spesielle skapningane.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Den første versjonen av denne saka vart publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

I dag kan du utforske Pokemón-universet gjennom alt frå mobilspel, TV-serie og filmar til kort, figurar og bamsar. Men alt starta med eit videospel for 30 år sidan.

1. Pokemón blei skapt av japanske Satosh Tajiri i 1996

Frå 1990 til 1996 laga Satosh Tajiri videospela Pokémon Red og Pokémon Green. Spela var laga for å spelast på Game Boy og gjekk ut på at trenarar skulle fange pokémonar. Ein Game Boy er ein handhalden spelekonsoll frå Nintendo. Game Boyar blei laga frå 1989 til 2003.

2. Pokémon-universet er inspirert av småkryp Satosh samla på då han var liten

Som liten blei Satosh Tajiri kalla «Dr. Bug» av andre barn sidan han var oppteken av å samle på insekt. Satosh og vennane hans bytte insekt mellom seg. Det var denne hobbyen som inspirerte han til å lage Pokémon-verda. 

Foto: Pixabay

3. Ordet «Pokemón» er ei forkorting av «Pocket monsters» – «lommemonster» på norsk

Opphavleg kalla Satosh videospelet «Pocket Monsters», men då det blei gitt ut i fleire land begynte forkortinga «Pokémon» å bli brukt.

4. Det finst over 1000 forskjellige pokemónar

I dei første Pokémonspela var det 151 ulike artar. I dag finst det heile 1025 offisielle Pokémon-artar. Alle pokémonane har sin eigen personlegdom som gjerne er bestemt ut frå kva type område han lever i. Til dømes er Squirtle er ein vass-pokémon og difor likar han seg i nærleiken av vatn.

5. Nokre pokémonar er inspirert av søppel

Dei aller fleste pokémonane er inspirert av insekt, dyr eller andre ting i naturen, men nokre er faktisk inspirert av søppel og avfall. Dette gjeld til dømes Trubbish og Muk.

Foto: Giorgio Trovato / Unsplash

6. Pokémon-kort med feil kan vere svært verdifulle

I 1996 blei det også laga eit Pokémon-kortspel. Det blei raskt populært å samle på Pokémonkort og byte dei mellom seg ettersom kva kort ein ønskte seg. I dag samlar mange på Pokémon-kort for å selje dei igjen – då gjeld det å ha sjeldne kort sidan desse er verdt mykje. Noko av det som faktisk kan gjere kort sjeldan er at det har ein feil.

7. Nyleg selde Logan Paul eit pókemonkort til over 160 millionar kroner

I 2022 kjøpte den amerikanske påverkaren Logan Paul det dyraste pokémonkortet i verda. Han betalte over 5 millionar dollar. I februar i år selde han kortet for over 16 millionar dollar – over 160 millionar norske kroner. Kortet er eit «Pikachu Illustrator card». Det vil seie at det er eitt av 39 kort som blei laga til ei illustrasjonskonkurranse på slutten av 90-talet.