Den nyvalde RU-leiaren er lei av spørsmål om splitting, men meiner det framleis er viktig at RU skal vere Raudt sin største kritikar.
– Eg er veldig glad for at medlemmane til Raud Ungdom har gitt meg denne tilliten. Framover vil eg jobbe med lokallaga og lytte til dei. Det er dei som byggjer organisasjonen. Vi må passe på å ikkje bli for topptunge, slik som dei andre organisasjonane.
Det seier Alexandra Joy Øhrn Fredwall (19) på telefon til Framtida.no. Ho blei røysta fram som ny leiar for Raud Ungdom på landsmøtet deira denne helga.
Alexandra Joy Øhrn Fredwall
Alder: 19 år
Personlege pronomen: Ho/henne
Frå: Kristiansand
Utdanning: Vidaregåande/litt på UiO
Favorittfag på skulen: Historie
Ulike verv: Nestleiar i Kvinnefronten i Agder, nestleiar i RU frå oktober 2025, lokallagsleiar i Kristiansand RU, styremedlem i landsstyret til RU.
Medlem i: Raud Ungdom.
– Vi har hatt ganske spesielle landsmøte opp igjennom, med mykje rart. Eg har vore på alle sidan 2022, og det er ikkje noko som kan måle seg med eit landsmøte, det er noko heilt eige.
Fredwall seier landsmøtet var slik det skal vere.
– Vi hadde gode debattar og fekk diskutert mykje bra, og så song vi songar og dansa Just Dance i pausane.
Det viste ho at det var lurt å ikkje ha så mykje media der.
– Det blei litt stempla som at det var hemmeleg, men det var det jo ikkje. Alle medlemmane visste kor det var. Vi ønskte berre ikkje presse til stades, mellom anna fordi det er mange yngre medlemmar, særleg dei som er 13, som held talar for fyrste gong, og må kunne uttrykke seg fritt.
Demokratisering av valet
Dette landsmøtet var fyrste gongen med ei ny valordning, der valkomiteen ikkje innstilte nokon kandidatar. I staden kunne medlemmane fritt røyste fram kandidatane dei meinte var best eigna.
– Det var ein måte å prøve å demokratisere den prosessen så mykje som mogleg. Valkomiteen ønskjer ikkje å ha så stor politisk innverknad på ungdom.
Det meiner Fredwall fungerte bra.
– Det er jo ei ordning ein kanskje skal utarbeide ytterlegare. Vi har nett begynt med det, så det er i prøvefasen, men det var i alle fall ein meir demokratisk prosess enn eg var vand med frå tidlegare.
Vil jobbe mot ytre høgre og Frp sin vekst
Dei tre viktigaste utsegnene dei vedtok var om kvinnehelse, mot nedlegging av aborttilbodet til Sex og samfunn, og mot høgsterettsdommen som fastslår at straffa for sovevaldtekt skal vere lågare enn valdtekt med truslar eller vald.
– Og så vedtok vi ein ganske god strategi, meiner eg. Den peiker ut at hovudoppgåva vår no er å kjempe mot ytre høgre, og Frp sin vekst, seier Øhrn Fredwall.
Ho vil vere ein samlande leiar internt, som er skarp overfor omverda.
Fred Hampton. Foto: UPI
Leiarførebiletet hennar er Fred Hampton, frå det amerikanske Black Panther Party.
– Hampton var ein veldig skarp og god talar, som dessverre blei utsett for eit attentat frå den amerikanske staten. Han er nok mitt hovudførebilete, både for korleis ein skal appellere overfor omverda, og korleis ein skal jobbe internt.
– Undertrykker for si eiga velstand
Fredwall fortel at engasjementet hennar begynte for alvor då ho såg at det norske samfunnet hadde klasseskilje.
– Det kjente eg òg på kroppen då mora mi blei uføretrygda, då ho fyrst måtte gå på arbeidsavklaringspengar og kjempe med nebb og klør for trygd. Så begynte eg å sjå at det ikkje berre er i Noreg det er slik. Heile den vestlege verdsordninga gjer dette mot det globale sør. Dei undertrykker dei for sin eigen velstand.
Hjartesakene til den nye leiaren er reell kvinnefrigjering, antiimperialisme, og at ein skal ta rettane og røystene til uføretrygda på alvor.
Ønskjer seg revolusjon
Den nyvalde RU-leiaren har drive med teater, likar å lage mat og å spele dataspel. Den største tidstjuven i livet er TikTok, og det er også ein av plassane ho held seg oppdatert.
– Eg er kjempeavhengig av TikTok. Samstundes er det slik at om ein skal nå ut til ungdom, må ein vere der. Eg visste jo ikkje kva Raud Ungdom var, før eg såg folk som var aktive i Raud Ungdom på TikTok.
Om ho vakna opp i morgon til si draumenyheit, ville overskrifta vore at kapitalismen er avskaffa, revolusjonen har blitt gjennomført, og heile arbeidarklassen er frigjort.
– Det er litt urealistisk i morgon, kanskje, men framleis draumeoverskrifta.
Må vere Raudt sin største kritiker
– Er det noko du er lei av at media spør Raud Ungdom om?
– Nyleg har eg blitt spurd veldig mykje om min personlege identitet, min kjønnsidentitet, så eg har blitt litt lei av det. Eg vil snakke om politikk, om at eg vil knuse Frp, og at klasseskilje er noko drit.
– Misforstå meg rett, eg er veldig stolt av å vere fyrste transperson som er leiar for eit ungdomsparti, men det betyr ikkje at eg ikkje også skal bli spurd om politikk, seier ho.
Fredwall er òg lei av spørsmål om interne prosessar og teoriar om splitting.
– Men vi tek dette i god Raud Ungdom-stil. Vi kan vere så ueinige vi vil internt, og så er vi ein sylskarp, samla front overfor omverda. Det er den einaste måten vi faktisk får knust Frp sin vekst.
– Samla front, då meiner du saman med Raudt?
– Ja, sjølvsagt. Vi vil jo gjerne ha Raudt med på laget. Vi er Raudt sin aller største, og kanskje viktigaste, samarbeidspartnar. Men då må vi òg vere Raudt sin aller største og viktigaste kritikar.
Trengst ei samfunnsendring
Idealsamfunnet hennar er er eit samfunn utan klasseskilje, der det er arbeidarklassen som styrer samfunnet og arbeidsplassane demokratisk.
– Kontra ein liten pengeelite på toppen. Det er jo nokon som vil kalle det sosialisme eller marxisme. Nokon kallar det ein utopi. Eg kallar det kommunisme. Det er jo eit fy-fy-ord då, i samfunnet, men det er det eg kallar det. Det er endemålet til ein kvar sosialist, meiner no eg. Men kanskje ikkje alle har innsett det.
– Korleis kjem ein seg til eit slikt samfunn?
– Nei, vi meiner jo at fyrst så må du oppnå sosialisme, slik at ein jobbar mot det kommunistiske samfunnet, totalt utan klasseskilje. Arbeidarpartiet og SV vil endre på systemet, sjølvsagt, men dei ser ikkje den reelle folkemakta. Dei ser ikkje at det viktigaste ein kan gjere, er å byggje ein folkebevegelse frå grasrotnivå og opp, som eit alternativ til Stortinget, som jo er gjennomsyra av pengeinteresser.
Ho trekker fram pengegåver frå Aksjon for borgerlig valgseier til FrP som eit døme på at systemet tener kapitalist-klassen.
– Då trengst det ei samfunnsendring, og det er det vi i RU kallar revolusjon. Det er òg eit fy-fy-ord, ein kan få mange dårlege assosiasjonar til det, men revolusjonen er rett og slett samfunnsendring. Det er det vi treng.
Aktivistisk barbecue

Malcolm X, Trisha Paytas og Thomas Sankara. Foto: APK, CC BY 4.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/4.0>, via Wikimedia Commons
Om ho kunne velje nokon – levande eller død – å invitere på middag, ville RU-leiaren vald Black Power-aktivisten Malcolm X, revolusjonæren Thomas Sankara, og youtubaren Trisha Paytas. Dei skulle ha ete koreansk barbecue.
– Kva for ei bok burde alle lese?

Bokomslag: Oktober
– Søstre, kamerater! av Kjersti Ericsson. Den forklarer veldig godt korleis klassesamfunnet ikkje berre undertrykker arbeidarklassen, men også kvinner, som ein kan kalle arbeidarklassen innanfor arbeidarklassen. Ei veldig viktig bok som alle bør lese.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Its Always Sunny in Philadelphia.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Kvinnefrontsangen av Amtmandens Døtre.









