Sarah Taif vil gi frustrerte ungdommar ein møteplass der dei kan kanalisere frustrasjonen inn i motstandskamp.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg vil trekke fram fokuset vårt på demokrati i ei usikker tid, antirasisme og kampen for eit fritt Palestina.

Det er dei viktigaste sakene til Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom i 2026, ifølge Sarah Taif, som er nyvald leiar i organisasjonen.

Ho skriv i ein e-post til Framtida at Solidaritetsungdom skal bygge trygge møteplassar for unge, i tillegg til å jobbe systematisk med politisk påverknad i sakene dei brenner for.

Sarah Saif (19)

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Kristiansand

Utdanning: Held på med ein bachelorgrad i psykologi

Favorittfag på skulen: – Samfunnsfag! Elska historie, filosofi, psykologi og sosialkunnskap

Verv: – Dei siste åra har eg mellom anna vore i Demokratiprosjektet i Kristiansand, Natur og ungdom, LOs ungdomsutval i Agder og rådsmedlem i Ung Ytring.

Medlem i: – Det finst enormt mange viktige organisasjonar, og eg er medlem i veldig mange av dei, men den viktigaste medlemskapen min er i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom <3

Frå frustrasjon til motstandskamp

Taif ønsker å vere ein samlande leiar som bygger organisasjonen større samstundes som ho tar godt vare på alt dei er stolte av.

– Eg ønsker å vere med på å gi frustrerte ungdommar ein stad dei kan gå for å kanalisere frustrasjonen inn i ein motstandskamp, og at vi saman kan finne håpet og motet til å kjempe for ei meir solidarisk verd.

Ho understrekar at kampen for ei betre verd må skje i fellesskap, og ønsker difor å bygge gode samarbeid med andre organisasjonar og samarbeidspartnarar.

Det viktigaste leiar-førebiletet hennar er Ammal Ahmed Haj Mohamed, som var leiar i Solidaritetsungdom for nokre periodar sidan, og no jobbar med ytringsfridom og dialogarbeid.

– Måten ho er varm, omsorgsfull og raus på, samtidig som ho er tydeleg på krava og roper høgt for sakene ho bryr seg om, er noko eg trur vi alle kan lære meir av! Verda burde ha hatt fleire som Ammal, skriv Taif.

Ungt engasjement

14 år gamle Taif var frustrert over urettferda i verda, og skjøna ikkje kvifor ein ikkje berre kunne gjere noko med det. Året etter fekk ho delta i Demokratiprosjektet i Kristiansand, med mål om å styrke unge stemmer og ta engasjementet deira på alvor.

Det var akkurat det ho trong.

– Dette betydde alt for meg, fortel ho.

Taif deltok på ein demokrativerkstad på Utøya, der ho møtte noverande nestleiar i Solidaritetsungdom, Maria Abdallah. Ho vart fort fanga opp av organisasjonen ho no er leiar i.

Ho vart invitert på ein antirasistisk hyttetur, og medan ho var der, bestemte ho seg for å starte opp eit lokallag i Kristiansand.

– Sidan då har eg brukt nesten all fritida mi på Solidaritetsungdom, og eg elskar det.

Likestilling i alle former

Taif synest det er utfordrande å trekke fram einskilde hjartesaker.

– Men «likestilling i alle former» rommar ein god del av det, skriv ho.

Ho utdjupar: Demokrati, interseksjonell feminisme, antirasisme og palestinasaka er det som står henne nærast. Det er også desse sakene som har mata engasjementet i Solidaritetsungdom.

Ønsker fred i Midtausten

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Scrollinga på kvelden … Plutseleg har det gått altfor lang tid.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg likar å få med meg nyheiter frå fleire ulike perspektiv, og les gjerne frå fleire ulike internasjonale aviser. Eg liker også godt å starte dagen med nyheitspodkastar frå NRK.

– Du vaknar opp i morgon til draumenyheita di. Kva er overskrifta?

– Fred i Midtausten – folkemordet og okkupasjonen i Palestina har stoppa.

Inkludering og solidaritet

– Kva er idealsamfunnet, og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet må i alle fall ha fellesskap, demokrati og likeverd som grunnprinsipp. Det må vere ein stad der menneske står saman, tek vare på kvarandre og aktivt deltek i å forme framtida.

I idealsamfunnet til Taif må alle ha ei stemme som blir høyrd, og ungdom får reell moglegheit til å påverke samfunnet.

Det er også eit samfunn som tek avstand frå hat, rasisme og urettferd, og som jobbar aktivt for inkludering og solidaritet, lokalt og internasjonalt.

– Samfunnet må vere ein stad der alle får dei grunnleggande behova sine dekte, ein stad der alle kjenner seg trygge, der alle blir behandla med respekt og verdigheit, og der forskjellane er små.

– Eit samfunn der vi aldri meir må gå i rosetog, og om vi må, så møter heile landet opp, skriv ho.

For å nå dette idealsamfunnet trur Taif at ein først og fremst må samle alle dei gode kreftene. Akkurat som ho sjølv var som 13-åring, finst det så mange der ute som er frustrerte over rettferda dei ser i dag, skriv ho.

– Vi må samle oss, organisere oss og ta kampen saman. Vi må sørge for at ungdom, som jo er framtida, blir lytta til og får plass, og vi må gjere det gjennom å skape trygge møteplassar der meiningsbryting og usemjefellesskapen blir verdsett, i tillegg til at vi står saman på barrikadane.

Couscous til Greta

– Kva person – levande eller død – ville du invitert på middag?

– Eg ville invitert Greta Thunberg på couscous! Ho har inspirert ein heil generasjon til å krevje handling frå dei som sit med makt. Eg trur ein kveld med henne ville vore enormt lærerik, full av samtalar om ungdomsmakt og kva vi som einskildpersonar og samfunn kan gjere for å endre kursen før det er for seint.

Thunberg inspirerer Taif fordi ho starta kampen åleine med ein heimelaga plakat. Etter kvart mobiliserte ho hundretusenvis av ungdommar verda over, og gav dei tru på at mobilisering fungerer og at ungdom kan forandre verda.

– Det brennande engasjementet hennar er verkeleg noko eg ser opp til. Eg ville invitert henne til mammas algeriske couscous. Det er noko av det beste eg veit!

Viktig for engasjementet

– Kva for ei bok burde alle lese?

– «22. juli og alle dagene etterpå» av Tonje Brenna! Denne boka var ein viktig del av starten på engasjementet mitt. Boka får tydeleg fram viktigheita av å bygge demokrati frå grasrota, og å gjere det i fellesskap, som er grunnmuren i mykje av det eg driv med.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Piano av Karpe!