Saksøker KI-selskap

Plateselskapet BMG saksøkjer KI-giganten Anthropic, som dei meiner har brukt tekstar frå artistane sine til å trena KI-modellen Claude.

NPK-NTB-Reuters
Publisert

BMG meiner at Anthropic har brukt tekstar frå mellom anna Rolling Stones, Bruno Mars, Ariana Grande og andre utan løyve, og peikar på hundrevis av opphavsrettsbrot.

No trekkjer dei Anthropic for retten i California. Dermed blir det endå eit søksmål mot KI-giganten, som saman med andre KI-selskap blir skulda av forfattarar, nyheitsmedium og andre for å bruka innhaldet til å gjera KI-verktøya sine betre.

I fjor inngjekk Anthropic forlik i ei sak mot ei gruppe forfattarar. Dei måtte ut med 1,5 milliardar dollar, den gongen tilsvarande om lag 15 milliardar kroner.

Anthropic har førebels ikkje svart på spørsmål frå nyheitsbyrået Reuters. Andre KI-selskap har tidlegare meint at bruken deira er innanfor «fair use»-føresegna i amerikansk opphavsrettslovgiving.

BMG er eigd av den tyske mediegruppa Bertelsmann.


Les også: KI-selskap saksøkt for å stela frå «Barbie Girl»

Norske Lene Nystrøm og resten av bandmedlemmane i Aqua fotografert i 1997.