TikTok blir hovudsponsor for The Gathering

TikTok går inn som ny fleirårig hovudsponsor for gaming-festivalen The Gathering.

NPK-NTB
Publisert

– Vi er stolte av å ha ein av dei aller største teknologiselskapa i verda som hovudsponsor, skriv pressesjef i The Gathering, Simon Eriksen Valvik, i ei pressemelding.

Ei veke kvart år samlast spel- og teknologiinteresserte i Vikingskipet i Hamar for eit av dei største datatreffa i verda, og vil no få støtte frå teknologiselskapet TikTok dei neste åra.

TikTok har vorte ein lokal aktør etter å ha innteke Green Mountain-datasenteret på Hamar, som ein del av dei europeiske satsingsprosjekta deira «Project Clover». Senteret vil lagre europeiske brukarar sine data.