Kjønnstesting breier om seg i internasjonal idrett – no kan norsk forbod bli skrota

Bioteknologirådet meiner det bør bli lov å gjennomføre kjønnstesting i Noreg – mellom anna i samband med toppidrett. Til sjuande og sist er det politikarane som avgjer.

NPK–NTB
Publisert

Debatten om kjønnstesting har teke stadig meir plass i idretten dei siste åra. Før verdsmeisterskapen i friidrett i fjor måtte alle dei kvinnelege deltakarane gjennom ein gentest.

Tilsvarande krav er på plass i boksesporten, og også styret i Det internasjonale skiforbundet (Fis) har utarbeidd og godkjent ein plan for å implementere ein slik prosedyre.

I Noreg er det samtidig strenge reglar knytte til bruk av gentestar og andre genetiske undersøkingar på menneske. Desse skal berre brukast til medisinske formål, ikkje til å bestemme kjønnstilhøyring, som idretten ønskjer.

Det førte mellom anna til at Noregs deltakarar på kvinnesida i friidretts-VM i fjor måtte ut av landet for å ta testen som var påkravd av det internasjonale forbundet.

No har Bioteknologirådet gjort ei vurdering av om bioteknologilova bør endrast på dette området. Konklusjonen frå eit fleirtal er at det bør ho.

Fleirtal seier ja

I ei pressemelding kjem det fram at 11 av dei 15 medlemmene av rådet meiner det i framtida bør bli lov å gjennomføre genetiske undersøkingar for å bestemme kjønnstilhøyring i Noreg – også utan eit medisinsk formål.

Tre av medlemmene meiner ein berre skal tillate dette i samband med internasjonal toppidrett, medan åtte meiner det ikkje er nødvendig å avgrense dette til idretten.

– Overordna vil det vere eit gode for dei personane som ønskjer det, om dei kan få tilgang til slik informasjon om eigen kropp, skriv Bioteknologirådet-leiar Marianne Aasen.

Eit mindretal på fire av medlemmene av rådet meiner at dagens lov ikkje bør blir endra.

– Dei fire framhevar at slik testing tar frå den enkelte retten til ikkje å vite, retten til ei open framtid, og at det er problematisk at nokre må ta ein slik test for å få delta i visse konkurransar, skriv rådet.

– Trygge rammer

Debatten om kven som skal få delta i kvinneklassen i idretten har gått føre seg over lengre tid.

Visuelle undersøkingar, kromosomanalysar og hormontesting er mellom anna brukt gjennom historia for å ta stilling til kven som kan konkurrere som kvinner.

No synest det å vere semje om at såkalla SRY-testing er vegen å gå for å få stadfesta det biologiske kjønnet til utøvarar og slik sett sikre rettferdige konkurransar. Ein SRY-test er enkel å gjennomføre, men altså ulovleg i Noreg.

Utøvarar som gir ein positiv SRY-test, må gjennom fleire undersøkingar for eventuelt å få delta som kvinne.

Bioteknologirådet understrekar at det har diskutert spørsmålet om SRY-testar på prinsipielt grunnlag, utan å ta stilling til om slike testar er rett verktøy for idretten i spørsmålet om å definere kven som skal kunne konkurrere som kvinner.

– Ein kan like, eller ikkje like, at det er innført krav om slike testar i internasjonal toppidrett, og så er det vår oppgåve å tenkje på om norske utøvarar bør kunne ta den nødvendige testen i trygge rammer her heime, eller om dei må reise til utlandet for å bli testa, seier leiar Marianne Aasen.

Noreg og Frankrike

Synne Lerhol var blant medlemmene i rådet som vende tommelen ned for genetisk testing.

– I utgangspunktet tenkjer eg også at genetisk testing for å ekskludere personar frå kvinneklassen er diskriminerande all den tid det også finst andre genetiske variantar som kan vere prestasjonsfremjande. Dette kan vere genetiske variantar som til dømes gir betre O2-opptak, påverkar muskelbygging, høgd eller andre eigenskapar, seier Lerhol i ei fråsegn på nettsidene til rådet.

Bioteknologirådet skriv at det ser ut til å vere berre Noreg og Frankrike som i dag har forbod mot å gjennomføre slike testar utan eit medisinsk formål.