Ungdomsorganisasjonar mister viktig støtte: – Vi må nedbemanne
Fleire ungdomsorganisasjonar står utan Norad-støtte dei neste åra, og seier dei no går ei usikker framtid i møte.
Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
– Det at vi ikkje får vidareført støtta frå Norad, det er kjempebrutalt.
Det seier Thea Birgitte Erfjord, leiar i organisasjonen Spire, på telefon til Framtida.
Spire er Utviklingsfondet sin ungdomsorganisasjon, og jobbar for ei «rettferdig og berekraftig fordeling av verdas ressursar».
Dei har dei siste fem åra fått 1,4 millionar i årleg støtte frå Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid, til langsiktig informasjonsarbeid i Noreg.
Saman med andre organisasjonar som Changemaker, Miljøagentane og Natur og Ungdom, er Spire no blant dei som ikkje har fått innvilga vidare støtte.
Fakta om tilskotsordninga
Norads tilskotsordning for informasjons- og opplysningsarbeid skal styrke barn og unges globale engasjement, løfte fram demokrati og menneskerettar, sette søkeljos på klima, natur og berekraftig utvikling og bidra til ein meir kunnskapsbasert samfunnsdebatt.
Førre periode fekk 33 organisasjonar årleg støtte. No er talet på organisasjonar redusert til 23, mens den totale summen har auka frå 300 til 376 millionar kroner.
Alvorleg å ikkje få støtte
– Det er ein hard konkurranse, og eg er veldig glad for alle som har fått støtte. Og så er det brutalt for oss, som jo meiner vi er kjernen av det Norad spør om. Ungt engasjement og informasjon om globale miljø- og utviklingsspørsmål er det Spire er bygd rundt, seier Erfjord.
Også Gina Ekholt, generalsekretær i Forum for utvikling og miljø, ser alvorleg på at nokre organisasjonar no ikkje lenger får støtte.
– Det er særleg alvorleg at organisasjonar som når barn og unge direkte blir ramma så hardt i ei ordning som nettopp skulle prioritere dei, uttalar Ekholt i ei pressemelding.
For Spire har dei 1,4 millionane i støtte vore veldig viktige.
– Det er om lag 20 prosent av budsjettet vårt. Heile institusjonen til Spire er bygd opp rundt informasjonsstøtta når ein har hatt ho så lenge, seier Erfjord i Spire.
Natur og Ungdom uttalar til Universitas at kutt i støtta vil få store konsekvenser for dei, og at det kan gå ut over aktivistkursa dei arrangerer. Dei siste fem åra har organisasjonen mottatt 700 000 kroner årleg fra Norad.
Hard konkurranse
– Med heile 53 søkarar som til saman søkte om meir enn 900 millionar kroner, var vi nøydde å gjere krevjande prioriteringar.
Det skriv Stine Horn, avdelingsdirektør i Norads avdeling for velferd og menneskerettar, på e-post til Framtida.no.
– Søknadene er vurdert i konkurranse med kvarandre, og vi har valt å fokusere på dei organisasjonane som etter vår vurdering vil nå måla med ordninga på ein mest mogleg effektiv måte.
Horn skriv at det var mange om beinet, og at konkurransen om støtte var tøff.
– Søknadane er vurdert i konkurranse med kvarandre, og tildelingane reflekterer ei samla vurdering av relevans, kvalitet, gjennomføringsevne og forventa måloppnåing, innanfor ramma av ordningas formål og prioriteringane i utlysinga. Det har òg vore avgjerande å sikre eit mangfald av tema, tilnærmingar og aktørar.
Ingen sjølvfølge å få støtte
Sjølv om Erfjord har forståing for at ikkje alle kan få støtte, opplever ho at det har gått ut over dei mindre ungdomsorganisasjonane.
– Når ein ser litt på det, så kjennest det ut som at mange av dei mindre og meir nisjete organisasjonane har fått kutt. Det gjer jo veldig mykje med mangfaldet i debatten. Når det er færre og større organisasjonar som får informasjonsstøtte, så er det jo klart at mykje av mangfaldet og kritikken som dei mindre organisasjonane bidrar med, forsvinn.
Horn i Norad seier dei har stor forståing for at organisasjonar som tidlegare har mottatt infostøtte er skuffa over at dei ikkje nådde opp i konkurransen denne gongen.
– Men det stemmer ikkje at ungdomsorganisasjonane er kutta ut. Fleire ungdomsorganisasjonar nådde opp i konkurransen, mellom anna SAIH, Operasjon Dagsverk, LNU og Redd Barnas ungdomsorganisasjon, Press.
– Samstundes må det understrekast at ingen har krav på tilskot frå denne ordninga sjølv om dei har teke imot støtte tidlegare. Infostøtteordninga er søknadsbasert, og middel blir tildelt etter konkurranse. Det blir feil å seie at støtta er kutta, fordi nokre organisasjonar ikkje nådde opp i konkurransen i denne runden.
Må nedbemanne
Erfjord har uttalt til Panorama nyheiter at Spire kjem til å klage på vedtaket om støtte.
Det er enda ikkje klart kva dei vil vektleggje i klaga, utdjupar ho til Framtida.no.
Før det har dei allereie begynt å førebu seg på ei omstrukturering.
– Vi har allereie begynt å gjere drastiske tiltak for å spare på dei midla vi har, seier Erfjord.
– Vi må jo nedbemanne, men vi veit ikkje kor stort kutt vi må gjere. Og vi har kutta ein del pengar til ein del av aktivitetane våre allereie. Og til arbeidsutvalet, leiar og nestleiar.
Erfjord seier dei no skal jobbe for å få midlar frå andre stader.
– Men dette har vore ei ekstremt viktig støtte for Spire dei siste åra. Vi har bygd mykje av organisasjon rundt det. Så er det ingen sjølvfølgje at vi skal få støtte, men det er veldig synd. Det unge engasjementet som NORAD prøver å bygge opp, kan no forsvinne litt, seier ho.






