Ukrainske Danilo (21) gjer kometkarriere som sumobrytar i Japan
Ukrainske Danilo Yavhushyshyn (21) har lært seg japansk og klatrar raskt mot toppen i nasjonalsporten sumobryting.
– Eg håpar folk frå Ukraina kan sjå sumobrytinga mi og få ei form for oppmuntring av det, sa Danilo Yavhushyshyn på japansk på ein pressekonferanse i fjor, ifølgje The Independent.
Kort tid etterpå kunne han løfta pokalen etter å ha vunne si første store turnering.
Den 21 år gamle ukrainaren er ein av mange frå det krigsherja landet som har reist ut.
– Populært i Ukraina
Nyleg vann Aonishiki Arata, som er det japanske namnet til den ukrainske brytaren, si andre sumoturnering på rad. No er han på veg til å bli den første europearen som vert stormeister (yokozuna) i den tradisjonelle japanske sporten, ifølgje The Guardian.
Han kom til Japan i 2022 etter å ha vorte kjend med ein japanar under ei sumoturnering i 2019. Sjølve sporten vart Danilo introdusert for allereie som 7-åring i heimbyen Vinnytsia i Ukraina.
– Sumo er ganske populært i Ukraina, men det er ganske sjeldan at nokon berre driv med sumo. Ofte driv dei med bryting og sumo, eller judo og sumo, forklarte Aonishiki Arata under ein pressekonferanse i fjor.
Han vart ukrainsk meister i sumobryting i ein alder av 17 år, og kom på tredjeplass i juniorverdsmeisterskapet i 2019.
Vektauke
21-åringen fekk sitt store gjennombrot som sumobrytar i juli 2023, og i løpet av berre ni turneringar nådde han det høgste nivået blant japanske sumobrytarar. Han har no tittelen ōzeki, som er den nest høgaste tittelen i sumobryting.
Aonishiki fekk mykje merksemd etter å ha slått mongolskfødde Hoshoryu, som er ein av Japan sine to stormeistrar (yokozuna). Den bragda har han seinare gjenteke.
Den gongen vog Aonishiki berre rundt 125 kilo, som er relativt lite i ein sport der mange veg minst 150 kilo.
– Vekta mi er litt lettare eller mindre enn andre. Om det er mogleg, vil eg auka vekta mi med rundt 10 kilo, men det er ikkje så lett å gjera. Det er veldig vanskeleg å eta meir enn eg gjer for augeblikket, det kan vera ganske smertefullt på ein måte, sa Aonishiki i oktober.
Ikkje alltid den største som vinn
I oktober løfta Aonishiki 210 kilo i benkpress og no har hans eiga vekt bikka 140 kilo, noko som framleis er relativt lite.
– Det er ikkje noko som er som sumo. Det er ikkje alltid den sterkaste eller største personen som vinn, så det diskriminerer ikkje på den måten. Eg har høyrt at sumo er på veg til å bli populært i utlandet, og som brytar ville eg gledd meg over om fleire folk vart interessert i det, seier han til The Guardian.








