Framtida.no søkjer sommarvikarar
Har du lyst til å lage engasjerande nyheitssaker for unge lesarar i alderen 15–25 år?
Framtida.no og Magasinett søkjer to sommarvikarar til sommaren 2026.
Vi søkjer deg som vil lage god, engasjerande og dagsordensetjande journalistikk om politikk og samfunn, miljø, utdanning, kultur og andre område for ungdom frå 15 til 25 år.
Journalistisk utdanning og erfaring er ein fordel, men har du nyheitsteft og gode idear som kan engasjere unge lesarar og skape debatt, er du riktig person.
Vi ser etter deg som:
- Er idérik
- Er sjølvgåande
- Er engasjert
- Er kreativ
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Har god rolleforståing
- Skriv god nynorsk
Har du erfaring med film, foto, redigering i Photoshop eller anna grafisk framstilling er det ein fordel.
Framtida.no kan tilby eit positivt og lærerikt journalistisk miljø, der du får ansvar og høve til å forme eigne saker. Vi gjev grundig opplæring og rom til å forme eigen arbeidskvardag utifrå evner og interesser.
Arbeidsoppgåvene består i å finne og produsere eigne saker, og eventuelt å lage innhald til sosiale medium.
Framtida.no har fire tilsette på kontoret i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Vi har òg eit lokalkontor på Stord, som er hovudsetet til vår søster- og samarbeidsavis Framtida Junior.
Framtida.no er ein inkluderande arbeidsplass som ønsker søkjarar med ulik erfaring og bakgrunn, både innan utdanning, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsvariasjon og anna.
Spørsmål kan rettast til Birgitte Vågnes Bakken, fungerande redaktør for Framtida.no.
Tlf.: 45 27 94 35
E-post: birgitte@framtida.no
Søknadsfrist: 08. mars 2026
Send søknad med cv og arbeidsprøver til birgitte@framtida.no. Presiser kor lenge og i kva tidsrom du kan jobbe.






