Noregs Oscar-historie: Nominert sju gonger for beste internasjonale film – førebels utan siger
Med «Affeksjonsverdi» har Noreg vore nominert til Oscar for beste internasjonale film sju gonger. Likevel har vi aldri vunne prisen. Dei skandinaviske naboane våre har derimot hatt større suksess.
«Ni Liv» (1957), «Veiviseren» (1987), «Søndagsengler» (1996), «Elling» (2001), «Kon-Tiki» (2013), «Verdens verste menneske» (2021) og «Affeksjonsverdi» (2025) er dei sju norske filmane som har vore nominerte til prisen for beste framandspråklege film (kalla beste internasjonale film frå 2019) under Oscar-utdelinga i Los Angeles.
Noreg har aldri vunne den gjæve filmprisen tidlegare.
Samtidig som Noreg står med null prisar i denne kategorien, har Sverige vunne tre gonger og Danmark fire. Dei skandinaviske nabolanda våre har høvesvis 16 og 15 nominerte filmar.
Thor Heyerdahl fekk Oscarpris i kategorien beste dokumentarfilm i 1950 for «Kon-Tiki». Torill Kove blei tildelt Oscar for beste animerte kortfilm i 2006 for «The Danish Poet. I 2021 blei Liv Ullmann tildelt ein ærespris frå Oscar-akademiet.
Vegen til nominasjon skjer ved at ein norsk komité vurderer dei aktuelle norske filmane og nominerer desse til Oscar-konkurransen. For å vinne, er det viktig å ha vore populær på filmfestivalane, spesielt filmfestivalen i Cannes. I tillegg er det til stor hjelp å ha regissør og skodespelarar som allereie er etablerte i USA.
Dei norske Oscar-nominasjonane som blei kunngjort i Los Angeles torsdag:
- Beste kvinnelege birolle: Inga Ibsdotter Lilleaas og Elle Fanning for «Affeksjonsverdi».
- Beste originalmanus: Joachim Trier og Eskil Vogt for «Affeksjonsverdi».
- Beste mannlege birolle: Stellan Skarsgård for «Affeksjonsverdi».
- Beste internasjonale film: Joachim Triers «Affeksjonsverdi».
- Beste klipping: Joachim Triers «Affeksjonsverdi».
- Beste regi: Joachim Triers «Affeksjonsverdi».
- Beste kvinnelege skodespelar: Renate Reinsve i «Affeksjonsverdi».
- Beste film: Joachim Triers «Affeksjonsverdi».
- Beste sminke: «Den stygge stesøsteren».
- Beste visuelle effektar: Espen Nordahl for filmen «Sinners».









